NRK Meny
Normal

Ulovlige utslepp i Meråker

Miljøtek Hasopor AS hadde ikkje kontroll på kvikksølvutslepp.

- Det er alvorlig at dei har hatt sopass store overutslepp og tydelige brot på utslepptillatinga, seier Grete Braastad, fungerande avdelingsdirektør i Statens Forureningstilsyn.

Statens forureiningstilsyn (SFT) har avdekka og stoppa ulovlige utslepp av kvikksølv frå bedrifta Miljøtek Hasopor AS. I følgje SFT er ikkje utsleppet til skade for folk i området, men SFT ser likevel alvorlig på at utsleppskrava ikkje vert overhaldt.

Miljøgift

Kvikksølv er rekna for å vere ei miljøgift og kan kome inn i maten til både menneskjer og dyr. I Trøndelag er det likevel ikkje rekna for å vere eit stort problem, fordi luftstraumar tek med seg utsleppa til arktiske strøk.

I juni stoppa Miljøtek Hasopor all behandling av lysrør og sparepærer etter at laboratoriebedrifta Molab AS bekrefta at utsleppa var langt over det lovlige.

Mangedobla lovlig utslepp

Styreleiar Ståle Svenning meiner det heile er beklagelig
- Det er ein svært beklagelig situasjon som utvilsamt er alvorlig. Vi gjer det vi kan for å rydde opp i det. Vi har sleppe ut omlag 40 kilo kvikksølv ulovlig.

Analysane viser at kvikksølvutsleppa har vore i storleiken tre til seks kilo årlig frå 2000 til 2008. Kravet frå SFT til bedrifta er utslipp på maksimalt 0,7 kilo årlig.

For å kunne starte opp igjen med behandling av kvikksølvhaldig avfall, må bedrifta dokumentere at dei driv innan krava i utsleppstillatinga frå 19. juni 2008. Og Braastad ser alvorlig på hendinga.

- Det har tilsvarande utslepp andre stadar også. Men det alvorlige her er at bedrifta ikkje hadde kontroll på det dei slapp ut.

Streng kontroll

Bedrifta må no dokumentere alle utslepp. I tillegg er dei no forplikta til å leggje fram ein detaljert plan for å rette opp tilhøva, etter at dei braut vilkåra for utsleppstillatinga.

Bedrifta er eitt av to anlegg i Noreg som tek i mot og behandlar kasserte kvikksølvhaldige lysrør og lågenergipærer. Under tilsyn 22. og 23. april kunne ikkje bedrifta vise til noko oversikt over når dei slapp ut kvikksølv eller kor mykje.

SFT vurderar no kva slags følgjer dette skal få for Miljøtek Hasopor AS.

Video fra Trøndelag

Det er julebordstid, og uhell kan skje, skal vi tro tannlegene...
Fra 1. januar får du nyheter klokka 18:55, 20:55 og 22:55.