Hopp til innhold

Ukrainske Volo mangla hundebur til flyreise – hjelpa kom frå uventa hald

Responsen var overveldande då ukrainske Volo Alnai bad om hjelp til å få frakta hunden sin frå Trøndelag til sin nye heim.

Volo Alnai og Jerome

TAKKSAM: Volo Alnai blir rørt til tårer når han snakkar om dei gåvmilde, hundeglade trønderane.

Foto: Privat

– Noreg er ikkje berre rik på olje, men også på hjartevarme menneske, seier Volo Alnai.

Han bur på eit flyktningmottak på Vikhammer utanfor Trondheim, og skal snart flytta saman med nevøen.

Då dei flykta frå Ukraina i januar var det uaktuelt ikkje å ta med labradoren Jerome. Han betyr mykje for den vesle familien.

– Då Kyiv vart bomba var eg frivillig lege og jobba over eit stort område, fortel Alnai.

Han valde derfor å bli igjen i heimlandet i nesten eit år.

I frykt for at det skulle skje noko med hunden medan han var på jobb, tok han Jerome med seg på legeoppdraga.

– Eg tok med meg hunden dersom folk ringde og trong hjelp. Då sa eg alltid til dei at «Eg kjem, men eg må ha med meg hunden».

– Eg kunne ikkje la han vere igjen, fortel han.

En svart labrador ser inn i kameraet med hodet på skakke.

Alnai har hatt labradoren Jerome i fire år. Han beskriv hunden som hyperaktiv, men snill med alle han møter.

Foto: Privat

Mangla bur til flyturen

Etter knappe tre månader på flyktningmottaket fekk Alnai og nevøen buplass på Karmøy, der dei skulle flytte i april.

Det krev at hunden Jerome har eit bur til flyturen, noko Alnai ikkje hadde fordi dei kom til Noreg landevegen.

Han hadde heller ikkje råd til å skaffe eit slikt bur sjølv.

Alnai kontakta han UDI og forklarte situasjonen, men fekk beskjed om at han måtte ordne eit bur sjølv.

– Så fekk eg eit tips om å skrive eit innlegg på Facebook-sida «Hund i Trøndelag» og forklare situasjonen.

Responsen var overveldande.

Facebook-innlegget til Volo Alnai hvor han ber om hjelp til å skaffe et hundebur.

Alnai la ut eit innlegg i Facebook-gruppa «Hund i Trøndelag», som skapte stort engasjement. I etterkant er den nye bustaden endra frå Karmøy til Sula i Møre og Romsdal.

Foto: Skjermbilde fra Facebook

Rørt til tårer

«Hei! Eg treng di hjelp!» starta Alnai innlegget med.

Og kort tid etter publiseringa byrja responsen å renne inn.

Innlegget har fått over 1400 likarklikk, 100 kommentarar og har vorte delt 120 gonger.

Nokon tilbaud seg å kjøpe eit bur til hunden, gi Alnai pengar til buret eller rett og slett køyre hunden til Karmøy.

– Eg vart rørt til tårer og er veldig takksam, seier Alnai.

Les også Her snuser Corona seg fram til udetonert sprengstoff

Corona, dynamitt-hund

– Pengane vart ubetydeleg

Då Linda Bakken Lurvik frå Trondheim kom over innlegget, hadde ho eit bur av typen Alnai trong liggjande ute på Finn.no.

– Då kjende eg vel eigentleg at dei pengane eg bad om for buret vart veldig ubetydeleg. Så tenkte eg «han treng buret og då skal han få det», fortel ho.

Linda Bakken Lurvik har langt hår og briller. Hun smiler til kameraet.

Linda Bakken Lurvik er glad for at ho kunne hjelpe Alnai, så han får teke med seg hunden.

Foto: Privat

Lurvik synest det er bra at så mange engasjerte seg etter at Alnai la ut innlegget i Facebook-gruppa.

– Det er sikkert eit bilete på kor viktig vi synest hundane er. Det er eit familiemedlem og sjølvsagt skulle han ha med den hunden, seier ho.

– Han kunne sikkert fått frakta dyret nedover på eitt eller anna vis, men det er ei bekymring eg ikkje synest han treng i kvardagen sin. Det er godt å sjå at folk bryr seg.

Buret vart overlevert måndag denne veka, så no kjem også labradoren Jerome seg med på flyttelasset.

Endestasjonen blei endra frå Karmøy kor dei opphavleg skulle flytte, til Sula i Møre og Romsdal.

Les også Evakuerte ukrainsk nasjonalskatt i hemmelighet – fikk pengehjelp fra Norge

En lastebil full av plantearter fraktes vekk fra krigsrammede Kherson i Ukraina.

– Stor kontrast

Alnai kallar kontrasten mellom korleis han vart møtt av UDI og trønderane i Facebook-gruppa enorm.

– Det er mange som har tilbode å hjelpe, men no må eg svare alle at problemet er løyst. Det er ein stor kontrast.

Likevel er det viktig for han å understreke at han respekterer retningslinene.

– Eg vil ikkje klandre UDI. Kvart land har sine reglar og retningsliner, seier han.

Nesten 2000 kjæledyr frå Ukraina har kome til Noreg etter krigsutbrotet. Det viser tal Mattilsynet har gitt NRK.

UDI organiserer og betaler transport for personar som skal busetjast, og når det er praktisk mogleg kan dyr reise saman med dyreeigar.

Det opplyser Christer Andreassen, underdirektør i UDI Mottak og retur, til NRK.

– Men UDI har ikkje eigne finansieringsordningar for dette. Dyreeigar har ansvar for sitt eige dyr, skriv han.

UDI har ansvar for å gi eit butilbod til alle som søkjer om vern i Noreg, fram til retur eller busetjing. Den overordna faktoren for mottaksplass er kapasitet. Deretter tek vi omsyn til personlege ønske så langt det er mogleg.

Les også Her har «Bolla» sjekket inn på pinnsvinhotell

Pinnsvin sover i "pinnsvinhotellet" til Nils Henrik Rønning.