Steinkjer i Trøndelag er ein av fleire kommunar som så langt har hatt lite smitte.
No opplever dei ei oppblomstring. I helga blei fem personar registrert smitta med korona og situasjonen med smittespreiing er uavklart. Kriseleiinga i Steinkjer har difor innført strakstiltak:
- Det blir innført besøksstopp på alle sjukeheimar
- All organisert fritidsaktivitet er avlyst
- Kulturskulen flyttar undervisinga over på digitale plattformer
- Skulen avlyser alle fysiske møter og foreldremøte
Høgaste smittetal sidan mars
Også Trondheim opplever ei oppblomstring av viruset. Gjennom helga har 38 nye fått påvist smitte i Trondheim. Berre søndag fekk 15 personar påvist covid-19. Dette er det høgaste talet smitta i byen sidan mars.
– Det er ei klar stigning i helga, seier kommuneoverlege i Trondheim, Tove Røsstad.
I Trondheim er det kalla inn til krisemøte tysdag morgon om koronasituasjonen.
Mykje av smitten som er påvist i byen kjem frå utlandet eller frå Oslo. Kommuneoverlegen er ikkje overraska.
Ho har venta på at tala skulle stige også i Trondheim.
– Det forundrar oss ikkje når vi ser korleis utviklinga er i Europa. Der er det ei bratt stigning. Det har det også vore i sentrale delar av Austlandet og bergensområdet dei siste par vekene, seier Røsstad.
64 nye i Bergen
Det siste døgnet er det 304 nye koronasmitta i Noreg. 93 av desse er frå Oslo.
Bergen har måndag registrert 64 nye tilfelle. Blant dei nye tilfella det siste døgeret, har inntil ti ukjent smitteveg. Eit par tilfelle er importsmitte.
Blant dei smitta i Bergen er også ein tilsett på Kolstihagen sykehjem. Der er åtte pasientar og fire tilsette no sett i karantene.
Meir smitte i distrikta
Smitteauken i Steinkjer skuldast ikkje økt smitte i Trondheim.
– Smitten vi har nå kjem ikkje frå Trondheim, men frå utanlandsk arbeidskraft, seier kommuneoverlege i Steinkjer Sunniva Rognerud.
Ho seier vidare at dei har bedt om møte med selskap dei veit bruker mykje utanlandsk arbeidskraft for å forsikre seg om at dei følger dei gjeldande smittevernreglane.
– Først onsdag vil vi få svar på om dette er ein smitte som eskalerer, eller om det er ein smitte vi har kontroll på, seier kommuneoverlege Sunniva Rognerud.
Intens sporingsjobb
På landsbasis er det over seksti kommunar med smitte i Noreg. Her blir det jobba intenst med testing og smittesporing. Ved fleire utbrot blir det endå meir jobb i kommunane.
– Det går ei grense for mykje vi kan teste og smittespore før vi mister kontrollen. Og om ein ikkje greier det, mister ein kontrollen og då spreier smitten seg meir generelt i heile samfunnet, forklarar Nakstad.
Kontroll på smittsamt virus
I midten av oktober blei det oppdaga ein ny og meir smittsam koronavariant i Trondheim.
Viruset som no breier om seg i byen er ikkje det same smittsame viruset, meiner kommuneoverlegen.
– Hovudutbrotet med den litt ekstra smittsame varianten meiner vi å ha avrunda. Det har ikkje vore nye tilfelle der sidan torsdag. Dei som har fått påvist smitte den siste veka har berre vore nærkontaktar, seier Røsstad.
Mykje av smitten over heile landet stammar frå polske arbeidarar som kjem til Noreg. Folkehelseinstituttet har spora smitte frå passasjerar på mange fly frå Polen dei siste vekene. Dei stadfestar ein aukande smittetrend.
– Vi fekk telefon frå teststasjonen ved grensa på Svinesund. Mange av dei som kjem over med bil, som er arbeidstakarar eller arbeidssøkarar frå Polen, testa positivt, seier Røsstad.
Enorm auke i Europa
Det siste døgnet er det 304 nye koronasmitta i Noreg. 93 av desse er frå Oslo, mens Bergen registrerer 64 nye tilfelle.
Ser vi til nabolanda våre blir det rapportert om over 3000 nye smitta i Sverige kvar dag og rundt 1500 nye i Danmark.
– Det er urovekkande å sjå på Europa no. Mange land har 20.000-30.000 smittetilfelle kvar dag, seier assisterande helsedirektør, Espen Nakstad.
Han trur årsaka til at smitten har auka så raskt er at mange unge har smitta kvarandre i august og september.
– Dei unge er i ikkje så sjuke at dei hamnar på sjukehus eller testar seg. Smitten veks litt i det skjulte og plutseleg har du ei ganske stor smittespreiing i samfunnet, seier Nakstad.