Hopp til innhold

Simen Nysæter vann på poeng

Det vart poengsiger for trønderske Simen Nysæter i oppvarmingskampen for Cecilia Brækhus i proff-boksearrangementet Oslofjord fight night i går kveld.

Oslofjord fight night

Til sist vart det siger på poeng til Simen Nysæter frå Namsos.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Kampen mot tyske Sinan Baran var både jamn og spennande.

Oppgjeret veksla mellom poeng for begge boksarane. Fleire gongen låg det an til norsk siger undervegs.

Men Baran kom attende med ein sterk vilje til ikkje å gje seg.

Oslofjord fight night

Det vart eit jamt oppgjer mellom tyske Sinan Baran og trønderske Simen Brækhus.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Tyskaren slo tilbake og rysta Nysæter med fleire gode slag.

Men alt i alt låg nordmannen eit hakk over. Han slo ut tannbeskyttinga til Baran fleire gonger i løpet av matchen som var oppvarming til den store kampen for Cecilia Brækhus som også enda med norsk siger denne boksekvelden.

Boksekamp Oslofjord fight night

Duell frå kampen i Oslofjord fight night.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

– Eg har meir på lager, sa namsosingen etter kampen til tv-kanalen Viaplay.

Siger også for Anders Eggan

Også ein annan trønder boksa under stemnet laurdag kveld. Anders Eggan mista opprinneleg sin motstandar, men fekk inn ein reserve i tolvte time.

Oslofjord fight night
Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Også Eggan vann på poeng, i sin første proffkamp i karriera, og var nøgd med debuten.