Hopp til innhold

Tyholttårnet fyller 25 år

Landemerket i Trondheim har bursdag.

Tyholttårnet lager "solformørkelse"

HAR BURSDAG: Tyholttårnet er 25 år.

Foto: Helge Johnsen

Tyholttårnet blir bygd

BYGGING: Tårnet har ein diameter på 7,2 meter. Det vart til slutt 124 meter høgt, inkludert masta på toppen.

Foto: Frå boka "Historien om Tyholttårnet"
Masta på Tyholttårnet

MONTERING AV MAST: Ikkje å tilrå for dei med høgdeskrekk.

Foto: Frå boka "Historien om Tyholttårnet"

Det kjende landemerket og turistmålet i Trondheim er 25 år. No kjem boka om Tyholttårnet.

– Unikt tårn

Arild Hoksnes har skrive boka. Han såg det kjende teletårnet bli til, og meiner at folk i Trøndelag ikkje er klar over kor spesielt landemerket er.

– Det er eit monument som er heilt unikt. Det finnast ikkje noko liknande i Noreg, og det vil ikkje kome noko liknande heller. Teletårn vil ikkje bli bygd slik i framtida, seier Hoksnes.

Kontroversiell restaurant

Hoksnes kan fortelje at bygginga av det 124 meter høge tårnet ikkje gjekk udramatisk føre seg.

– Det er utruleg mykje som kunne gjort at tårnet ikkje sto der i dag. Televerket i Oslo stritta blant anna veldig imot på grunn av ideen om å ha restaurant på toppen, fortel forfattaren.

Det er framleis roterande restaurant om lag 75 meter over bakken, men kjeden Egon har flytta inn.

Høgdeskrekk

Hoksnes har eit spesielt forhold til tårnet, og jobba i NRK Tyholt under bygginga.

– Eg laga ein gong eit Norge rundt-innslag om Tyholttårnet, og då sende eg fotografen opp i vaskekorga som heng på utsida.

Han har ingen planar om å klatre oppi korga sjølv.

– Eg har kronisk høgdeskrekk. Det får halde med ein lunsj inne i tårnet, seier Hoksnes.

Tyholttårnet blir bygd

MONUMENT: Tyholttårnet er eitt av dei mest kjende landemerka i Trondheim.

Foto: Frå boka "Historien om Tyholttårnet"