Hopp til innhold

Fasthalding i psykiatrien: – Kjennest der og då som eit skikkeleg overgrep

Talet på kortvarig fasthalding er dobla på seks år.

Michelle Elisabeth Myklebust sitter utendørs foran noen gule blomster og en grå beige murvegg

TVANG: Michelle Elisabeth Myklebust (28) har opplevd alle tvangsmiddel som psykiatrisk pasient. – Ein kjenner seg veldig sårbar, seier ho.

Foto: Privat

Michelle Elisabeth Myklebust (28) er innlagd på lukka avdeling i psykiatrien. Ho vart innlagd på tvang, og såg for seg å sleppe ut etter nokre dagar.

No har det gått snart to år. Ho er der framleis.

Også tidlegare har ho vore pasient i psykisk helsevern, anten i lengre eller kortare periodar. Under opphalda har ho fleire gonger opplevd tvangsmiddelbruk.

Som at kroppen hennar blir halde fast av to, tre eller fire tilsette. Ho seier ho føler seg sårbar og maktlaus.

– Når fleire personar held kroppen min fast, kjennest det der og då som eit skikkeleg overgrep. Etterpå er eg ofte stiv og støl. Eg kan ha blåmerke rundt handledda eller armane. Men eg har som regel alltid forstått det var nødvendig.

Dobling sidan 2015

Tilsette i psykiatrien kan ta i bruk tvangsmiddel viss det er «heilt nødvendig for å hindre vedkommande i å skade seg sjølv eller andre, eller for å avverje betydelege materielle skadar».

Kortvarig fasthalding er eit av desse tvangsmidla. Det er at ein eller fleire personar held fast kroppen inntil pasienten har roa seg ned.

Dei siste seks åra har det vore ei stor auke i rapporterte vedtak om kortvarig fasthalding, viser statistikk frå Helsedirektoratet. Direktoratet veit ikkje kvifor tala har endra seg, og viser til at det kan vere fleire årsaker.

Den største auke skjedde frå 2015 til 2017. Den har vore jamnare sidan.

Tvangsmiddelet vart lov i 2006. Det kan brukast overfor både frivillig innlagde og dei som er under tvunge vern. Kortvarig fasthalding er ein av fire typar tvangsmiddel i psykisk helsevern:

  • Isolasjon: Pasienten settast bak låst dør utan personale til stades. Dette tvangsmiddelet er minst brukt. Antal vedtak har auka jamt siste seks år.
  • Korttidsvirkende legemiddel: Pasienten får medisinar for å bli roleg eller bedøvt. Antal vedtak har vore nokså stabilt siste seks år.
  • Mekaniske tvangsmiddel: Pasienten blir festa med for eksempel belte eller kledd i spesialklede. Antal vedtak har vore nokså stabilt siste seks år.

Reknast som mindre inngripande

Michelle Elisabeth Myklebust vart innlagd fordi ho vart rekna som psykotisk. 28-åringen seier ho kan ha ei anna oppfatning av verda enn friske, og at fagfolk meiner ho difor må passast på.

Ifølgje henne har ho vorte halde fast av tilsette to til fire gonger i månaden.

Michelle Elisabeth Myklebust ser inn i kamera og smiler litt. Hun har på seg svarte briller, grønn genser og har ring i nesa.

Michelle Elisabeth Myklebust seier personalet der ho har vore innlagd brukar kortvarig fasthalding for å få kontroll på ho.

Foto: Michelle Elisabeth Myklebust

– I mitt tilfelle er det ofte fordi eg er såpass uroleg og utagerande at eg går laus på inventar. Eller at eg er så bortreist at eg går til angrep på nokon rundt meg, fordi eg prøver å forsvare meg sjølv frå noko som ikkje er der.

– Me har jobba for å redusere bruk av tvang i alle helseføretak og i heile fagområdet. Statistikken kan vere eit bilete på at vi går til mindre inngripande tvangsbruk, seier psykiater Marianne Kvamsdahl.

Ho er avdelingsleiar på akuttpsykiatrisk avdeling ved Akershus universitetssjukehus.

– I motsetning til bruk av mekaniske tvangsmiddel, skjer kortvarig fasthalding over kortare tid. Ein sit ofte nær pasienten og kan snakke og roe ned. Det verkar mindre inngripande for dei aller fleste. Men ikkje for alle.

Portrettbilde av psykiater Marianne Sofie Kvamsdahl

Psykiater Marianne Kvamsdahl jobbar ikkje i same helseføretak som Myklebust er tilknytt.

– Kva kan då vere årsaka til at det ikkje har vore ein nedgang i dei andre tvangsmidla parallelt med auke av kortvarig fasthalding?

Eg tenkjer det kan vere to årsaker. Det kan vere at man forsøker med kortvarig fasthalding fyrst, men så lukkast det ikkje og endar likevel med bruk av mekaniske tvangsmiddel. Det andre kan vere at fleire blir innlagd på tvang. Det er ein oppfatning av at pasientane er sjukare når dei blir innlagd, og at dei treng noko meir tid i avdeling, seier Kvamsdahl.

Les også: Meiner lange ventelister kan gjere psykisk sjuke enda sjukare

Vi ser hendene til en person som lener seg på en rekkverk ved et tjern i en skog.
Vi ser hendene til en person som lener seg på en rekkverk ved et tjern i en skog.

Brukte farleg metode for å få tilbake kontrollen

Michelle Elisabeth Myklebust er blant dei som ikkje meiner kortvarig fasthalding nødvendigvis er mindre inngripande.

– Sjølv om eg verken vil vere i belte eller haldast fast av tilsette, kjennest det verst når to-tre-fire personar ligg oppå meg.

Fasthaldinga skal nokre gonger ha skjedd når ho har vorte tvangsmedisinert med antipsykotika. Tvangsmedisineringa har ho klaga på. Ho fekk medhald, viser svaret frå Statsforvalteren.

Myklebust forstår at tvangsmiddelbruk nokre gonger må til.

– Då er det viktig å tenkje på kva det gjer med ein person å bli utsett for tvang. Det kan ha konsekvensar på kort sikt, men også på lang sikt.

Tidlegare i år begynte ho på det som vart ein skadeleg fastekur som ho set i samanheng med at ho var fleire timar i belte.

Ifølgje journalen hennar gjekk ho ned over 20 kilo på under to månader. Det står ho var alvorleg underernært med risiko for reernæringssyndrom. Ho måtte matast via sonde.

– Eg følte eg måtte ta kontroll sjølv for å kompensere for den kontrollen personalet tok over meg og kroppen min.

Les også: Tror manipulering av tarmfloraen kan gjøre de med anoreksi friskere

Siv Kjølsrud Bøhn står i lab-frakk i et arbeidsmiljø. Hun er førsteamanuensis ved NMBU. Foran henne ser vi uskarpt en kvinne som arbeider.
Siv Kjølsrud Bøhn står i lab-frakk i et arbeidsmiljø. Hun er førsteamanuensis ved NMBU. Foran henne ser vi uskarpt en kvinne som arbeider.

Tydeleg på kva som bør skje etter tvangsmiddelbruk

Myklebust rosar institusjonen ho er på for at dei etter tvangsmiddelbruk har ein slags debrief mellom pasient og tilsette.

– Då får vi som pasientar «stemmerett» igjen. Vi får moglegheit til å fortelje om kva vi opplevde og meiner personalet burde gjort annleis. Vi får snakke med dei som var med i situasjonen for å høyre deira tankar og grunngjeving.

NRK har snakka med ein av dei tilsette ved institusjonen som jobbar tettast med Michelle.

Han seier det er veldig vanskeleg å vere den som må bruke tvang, og kallar det ein brutal maktubalanse.

Mindre mystikk

Mange av oss vil oppleve ei eller anna form for psykisk liding i løpet av livet.

Spennet er stort. Frå lettare tilstandar til alvorleg sjukdom. I 2020 var om lag 15 prosent av alle norske menn og 22 prosent av alle norske kvinner i kontakt med fastlege eller legevakt med psykiske symptom, ifølgje Folkehelseinstituttet.

Myklebust vil ha meir openheit og mindre mystikk rundt det å vere psykiatrisk pasient. Tidlegare i år gav ho ut diktsamlinga «Psykt låste dører» med dikt ho skrev på lukka avdeling. Tvangsmiddelbruk er tema i fleire av dikta.