Hopp til innhold

Tunnbrød med einerøyka sik

Denne gongen har radiokokkane teke turen heilt til Lierne, like ved svenskegrensa. Der står einebærrøyka sik, mild rakfisk og laks på menyen.

Inge Johnsen og Tron Soot-Ryen med boka "Norgesglasset"
Foto: Kristin Agerlie / NRK

Radiokokk Inge Johnsen og programleiar Tron Soot-Ryen går laus på fisk og blandar norske og svenske mattradisjonar denne gongen.

- No er vi på fjellet, slår dei begge fast.

- Hadde grensa mellom Noreg og Sverige vore heilt rett, så hadde vi vore i Sverige no, seier Tron.

- Vi er kome veldig nære Jemtland og Herjedalen, og det høyres også seier radiokokk Johnsen og kommenterar språket til vert Siw Ellinor Aagård som på syngande svensk fortel at ho driv Lierne fisk.

 

Hav og fjell med kantarell

Fisken frå Lierne Fisk kjem stort sett får lokale vatn i Lierne, og blir laga etter lokal og svensk tradisjon. I denne episoden byr ho på varmrøyka sik, sommarrakfisk (mild variant av rakfisk), og laks.

- Kva skal vi bruke alt dette til då?

- Det eg tenkte var å blande hav og fjell med kantarell. Soppen er forvella, det vil sei kokt lett, og blanda med salt og peppar. Det skal då saman med røykalaksen. Så skal vi ha purreløk, saman med rakfisk. Til slutt skal vi ha einerøyka sik med ein salat til. Det skal brukast rømme i alle rettane, fortel Inge Johnsen.

Tunnbrød

Den neste ingrediensen blir introdusert av vert Siw: Tunnbrød.

Det er ei slags svensk lefse, men som ikkje riktig er heilt ei lefse fortel ho.

- Det er eit brød som er bakt i vedfyrt steinovn, etter svensk tradisjonelt vis. Eg måtte jo ha med meg noko i flyttelasset frå Sverige, det blei ein god del oppskrifter, seier Siw Ellinor, med eit flir.

Røykalaksen og kantarell blir lagt på Tunnbrødet og krydra med peppar. Dette blir toppa med litt rømme. Tunnbrødet med innhald blir rulla saman som ei krumkake.

- Deilig, det var skikkeleg godt utbryt dei tre i kor.

Sik

Neste rett ut er einerøyka sik. Den blir dandert på tunnbrødet, saman med salat, rømme, peppar og rulla sammen som til ei lefse, eller strut som det heiter på svensk.

- Får ein ikkje tak i tunnbrød, så er lefse og lompe ei erstattning som kan fungere seier Siw Ellinor Aagård.

Rakfisk

Den siste retten blir laga av purreløk, kantarellar og peppar blanda i rømme. Det blir ein slags dressing, som blir smurt utover tunnbrødet.