Hopp til innhold

Rosenborg hentar tunisisk angrepsspelar for 11 millionar

Rosenborg har signert ei kontrakt på fire år med spissen Issam Jebali. 26-åringen frå Tunisia kan vere speleklar allereie på sundag, då laget møter Stabæk.

Issam Jebali

Ifølgje Aftonbladet skal prisen på Jebali ligge på rundt 11 millionar norske kroner.

Foto: Rosenborg Ballklub

26-åringen kjem frå det svenske laget Elfsborg. Rosenborg bekrefta at overgangen er i boks, og at målet er å få spissen speleklar i løpet av nokre dagar.

– Det er ein av dei største klubbane i Skandinavia, så det er ein glede for meg å komme hit, seier Jebali til rbk.no.

Han har scora 20 mål i den svenske toppserien sidan han signerte med Elfsborg i 2016.

RBK på veg til Irland

Rosenborg møter irske Cork i morgon, og Rini Coolen bekreftar kjøpet då NRK møter dei på flyplassen før avreise:

– Eg har sett Jebali spele, og han er ei god signering. Han kjem til å passe godt inn i klubben, og vi gler oss til å få han med på laget, seier Coolen.

Champions League-kvalifisering 2018: Rosenborg - Celtic (0-0).

Trenaren til Rosenborg, Rini Coolen, bekreftar at klubben har signert med tunisiske Issam Jebali.

Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Allereie på sundag er neste serierunde, og då møter laget Stabæk på Lerkendal.

– Vi byrjar å trene saman med Jebali på laurdag, også håpar vi at han er speleklar til sundag, seier trenaren.

Fekk nei frå Liverpool-spelar

Jebali har signert kontrakt på fire år, og har fått draktnummer 27 i klubben.

– Eg følgjer mine draumar, og då er det perfekt for meg å komme til Rosenborg, seier 26-åringen.

Rosenborg har den siste tida jobba mykje med å få tak i nye spelar, og dei la inn bod på spanske Pedro Chirivella. Ifølgje Liverpool Echo skal det ha vore snakk om ein kjøpesum på rundt 38 millionar kroner, men Liverpool-spelaren takka nei.

SOCCER-ENGLAND-SWA-LIV/

Ifølge Liverpool Echo takka spanjolen nei til Rosenborg, då han meiner ein overgang til Noreg ikkje er det riktige for han.

Foto: Carl Recine / Reuters