Hopp til innhold

Møter Strømmen frå sidelinja

Ranheimtrenaren vil nytte moglegheita til å analysere laget på avstand, medan erstratningstrenaren planlegger sigeren.

Ranheim-trener Per Joar Hansen

PÅ AVSTAND: Ranheimtrenaren må følgje søndagens kamp frå tribunen.

Foto: Aksel Kroglund Persson / NRK

Korleis trur du kampen mellom Ranheim og Strømmen vil gå? Diskutér under artikkelen!

– Laget er i gode hender, seier Per Joar Hansen bestemt. Han trur ikkje Ranheim vil lide sjølv om begge trenarane har karantene under søndagens kamp mot Strømmen.

Analyserer

Trenarduoen Per Joar Hansen og Otto Ulseth vart begge utvist under kampen mot Tromsdalen førre søndag. Dermed må dei begge stå over kampen mot Strømmen, men Hansen kjem til å følgje laget så langt han kan.

– Eg vil vere med laget ned og bli med på alt det som skjer før kampen. Så får eg trekke meg tilbake når den startar.

Hansen seier han på ingen måte føler seg utanfor, sjølv om han må sjå laget sitt frå tribunen. Han ser det positive i situasjonen.

– Det blir ein flott anledning til å analysere laget og spelarane på ein litt annan måte enn før. Eg får sjå på laget på ein ny måte.

– Gode sjansar

Ranheim

HÅPAR PÅ JUBEL: Sportsleg leiar og vikartrenar Stig Winsnes trur Ranheim kan feire siger etter kampen mot Strømmen på søndag.

Foto: NRK

Hansen trur på siger i bortekampen, og meiner han har lagt opp ein god kampstrategi.

– Eg ser ikkje på Strømmen som noko spesielt betre eller vanskeligare enn dei andre kampane vi har spelt i år. Vi har gode moglegheiter, seier trenaren.

Det er Christer Basma og Stig Winsnes som skal leie laget denne søndagen. Winsnes er til vanleg sportsleg leiar for Ranheim, og meiner dei to laga har eit nokså likt utgangspunkt.

– Vi ventar ein tett kamp mot Strømmen. Det blir to nyopprykka lag som spelar mot kvarandre, og begge har gjort det ganske bra i det siste. Vi går sjølvsagt alltid for siger, seier Winsnes.

Like klubbar

Han meiner dessutan at Strømmen og Ranheim har meir til felles.

– Eg meiner det er to klubbar som står godt til kvarandre. Strømmen er ein klubb med lang tradisjon, og det er heilt klart fotballkultur på Strømmen.

Winsnes trur likskapane gjer at kampen kan bli ekstra spennande.

– Det vil alltid vere opent med to nyopprykte lag. Det er klart at det blir vanskelegast for oss som spelar borte, men Ranheim er som regel gode på bortebane. Vi planlegger å vinne.

Nøgd med erstatninga

Det gjer også Per Joar Hansen, som meiner Ranheim er i gode hender hos Basma og Winsnes.

– Eg trur det kjem til å gå veldig bra. Begge har vore med i og rundt laget i fleire år, så dei kjenner spelarane og laget godt.

– Kjem du til å bruke mobilen til å kome med instruksjonar undervegs?

– Nei, det gjer eg ikkje. Vi kjem til å gå gjennom alle eventuelle scenario før kampen, så det får eg nok ikkje noko behov for.