Hopp til innhold

Trur høgskulane vil forsvinne

– Det går i retning av større einingar og universitet, seier rektor ved Høgskulen i Nord-Trøndelag, Steinar Nebb.

Steinar Nebb

Rektor ved Høgskulen i Nord-Trøndelag Steinar Nebb ser på framlegginga til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Silje Kolaas

Han forstår det slik at kunnskapsministeren ønskjer at dei skulane som ikkje har funne seg ein fusjonspartner skal jobbe vidare med det.

– Stortingsmeldinga som vart lagt fram onsdag stadfestar det, seier han.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen presenterte onsdag hovudtrekka i Stortingsmeldinga «Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren».

Torbjørn Røe Isaksen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen legg her fram hovudtrekka i Stortingsmeldinga «Konsentrasjon for kvalitet. Strukturreform i universitets- og høyskolesektoren».

Foto: Silje Kolaas

Utdanning og kvalitet

– Dersom det fører til ei styrking av kvaliteten på studietilbodet er det bra, men dersom det fører til at me får så få aktørar at me ikkje klarar å ta vare på regionale interesser blir det feil. Og det har vore domenet til høgskulane i veldig mange år.

Rektoren seier at høgskulen i Nord- Trøndelag er førebudd på å stå aleine.

– Alternativet blir at me fusjonerer med Universitetet i Nordland og byggjer eit nytt universitet. Det er ein aktuell modell, dersom me klarar å fokusere på regional utvikling og ta vare på distriktskommunane.

Steinar Nebb

Rektor ved Høgskulen i Nord-Trøndelag Steinar Nebb trur høgskulane kan forsvinne.

Foto: Silje Kolaas

Det er sentraliserings-tendensen som uroar rektoren.

– I utgangspunktet trur eg det er ein del positive ting som skjer, men det som uroar meg er viss me får ei sterk sentralisering. Høgskulane betyr mykje for distrikta og distriktskommunane, seier Nebb.

Nærleik er viktig

Elisabeth Smistad

Elisabeth Smistad studerer ved Høgskulen i Nord-Trøndelag. Ho meiner høgskulen gir betre undervisning.

Foto: Silje Kolaas

Elisabeth Smistad er student ved Høgskulen i Nord-Trøndelag. Ho seier mindre forhold ved høgskulane gjer undervisninga betre.

– Noko av det beste med høgskulen er nærleiken til lærarar og klasseromsundervisninga. Den beste undervisninga får me i eit klasserom, ikkje i ein sal med hundre andre.

Ho trur fleire tek vaksne tek vidare utdanning , dersom dei har tilbodet i distriktet der dei bur.

– Eg føler ikkje for å reise til Trondheim tre gongar i veka. Det handlar både om økonomi og familieforhold.

14 høgskular og universitet blir til fem

Kunnskapsministeren sa onsdag at ytterlegere ni samanslåinger er under utgreiing, der fem statlege institusjonar kan bli til to, og fire private institusjonar kan bli til ein. Det fortalde kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, då han la fram strukturmeldinga for høgare utdanning.

NTNU blir Noregs største universitetsmiljø, ettersom NTNU slår seg saman med høgskulen i Sør-Trøndelag, høgskulen i Ålesund og høgskulen i Gjøvik.