Trondheims nye stjernehotell

The Choice of the Stars er namnet på det nye kongresshotellet på Brattøra i Trondheim.

The Choice of the Stars
Foto: tim

Space Group Arkitekter AS i Oslo vann arkitektkonkurransen om det nye kongresshotellet på Brattøra i Trondheim.

- Det var den beste ideen og det mest originale hotellet. Ved å nytte stjerneforma får vi utsyn i mange himmelretningar, eit lunt område og fine areal i midten, seier juryformann Håkon Vigsnæs til NRK Trøndelag.

Stjerneforma hotell

Prosjektet heiter "The Choice of the Stars" og har ein prislapp på 500 millionar kroner. Hotellet skal opne i oktober 2009 og blir Skandinavias største kongresshotell med 400 gjesterom.  

- Hotellet er svært originalt, med romløysingar verken eg eller du har sett før. I det heile eit godt gjennomarbeidd prosjekt og ein veldig tilpassa ide, seier Vignæs.  

Fem konkurrentar 

Det var fem firma som deltok i arkitektkonkurransen.

· Space Group Arkitekter AS (Oslo)
· Julien de Smedt architects ApS (København), Brandsberg-Dahls Arkitektkontor AS (Stavanger) og Rambøll Danmark AS (Virum i Danmark)
· Schmidt Hammer Lassen KS (Århus) og SLA Landskabsarkitekter AS (København)
· Stein Halvorsen AS (Oslo), Per Knudsen Arkitektkontor AS (Trondheim) og Per Solem Arkitektkontor AS (Trondheim)
· ARC Arkitekter AS (Trondheim) og LPO arkitektur og design AS (Oslo) 

Siste fra Trøndelag

Alf Skille

Torsdagens trønderske TV-nyheter

Torsdagens trønderske TV-nyheter