– Me gjer dette fordi me er heilt avhengige av alle krefter for å sikre ein god eldreomsorg i framtida.
Det seier byrådsleiar i Trondheim, Kristian Dahlberg Hauge (H) til NRK.
Frå 1. januar 2025 får pasientane i Trondheim sjølv velje om dei vil ha hjelp frå privat eller offentleg heimeteneste.
– Innføringa av fritt brukarval er verken dyrare eller billigare enn dagens ordning. Men det sikrar at alle som har behov for hjelp i større grad kan velje tenester som passar dei best, legg byråd for helse og omsorg Merethe Baustad Ranum.
Avgjerda i Trondheim står i strid med ein rapport levert til regjeringa i førre veke.
Rapporten peiker på korleis ein kan fase ut private leverandørar av velferdstenester, men i Trondheim vil dei no invitere dei private inn.
Frå før har Kristiansand, Bærum, Bergen, Oslo og fleire andre kommunar fritt brukarval i heimetenesta.
Fryktar for arbeidsforholda i heimetenesta
Men det er ikkje alle politikarane i Trondheim som er like fornøgd med at det no skal bli fritt brukarval i heimetenesta.
– Trist, men venta.
Det skriv Raudt-politikar Roald Arentz i ein SMS til NRK.
– Tenestene har vore underfinansierte lenge, no skal byrådet late som det blir betre ved å gje pengar til velferdsprofitørar. Dette gjer ikkje betre tenester, men dårlegare lønns- og arbeidsforhold for dei som utfører tenestene.
Arentz meiner det berre er det offentlege som kan sikre like gode tenester for alle uansett kvar dei bur eller kva helsebehov dei har.
– Kva er det byrådsleiaren meiner med «ordna forhold» når det ikkje blir stilt krav til tariff?, spør han.
– Det er ikkje lov å stille konkrete krav om tariffavtale, men i sine anskaffingar stiller kommunen krav om «tariffavtale eller tilsvarande». Med andre ord skal det vere på nivå med tariff eller betre, svarar byrådsleiaren.
– Det går baklengs inn i framtida
Avkommersialiseringsutvalet har sidan august 2022 sett på korleis kommersielle aktørar kan fasast ut av offentlege og skattefinansierte velferdstenester.
– Det regjeringa har bestilt gjennom utvalet går baklengs inn i framtida med ideologiske skylappar, seier byrådsleiaren i Trondheim.
Utvalet som har levert rapporten blei sett ned som følge av regjeringa sitt budsjettforlik med SV hausten 2021.
– Me kjem ikkje med konkrete forslag, men me seier at viss dette skal gjerast, er det gode måtar å gjere det på, sa utvalsleiar Jan-Erik Støstad på Dagsnytt 18.
I rapporten skriv altså utvalet at det er mogeleg å fase ut kommersielle aktørar i velferdssektoren, dersom det politisk vilje til det.
– Det er eit samfunn me ikkje ønsker oss her i Trondheim, kommenterer Ranum.
Men SV-leiar Kirsti Bergstø er godt fornøgd med rapporten.
– Me har lenge hatt eit mål om å fase ut dei kommersielle i velferda for at pengane ikkje skal forsvinne ut i profitt. Men det er et politisk spørsmål, seier Bergstø til NTB.
Bergstø meiner rapporten gjev ei fagleg vurdering på korleis nettopp dette kan skje.
– Føremålet med å dekke grunnleggande behov for omsorg, opplæring, helse og tryggleik og det står i sterke kontrast til kommersielle behov.
– Legg rapporten i ein skuff
I Trondheim er byrådet ikkje einige med innhaldet i rapporten.
– Me meiner innhaldet i utgreiinga peiker på eit samfunn me ikkje ønsker oss. For å levere gode tenester til innbyggarane, særleg i tider der me har ei aldrande befolkning, er me avhengige av å ta alle gode krefter i bruk, seier helsebyråden.
Og det er ikkje berre i Trondheim det ikkje er politisk vilje til å fase ut dei kommersielle aktørane.
– Det verkar som om analysane er tatt rett ut av Støre-regjeringa sine talepunkt utan at det bygger på grundige utgreiingar.
Det skriv nestleiar i Høgre Tina Bru, som ikkje er fornøgd med utvalet sine konklusjonar, i ein e-post til NRK.
– Eg ber Støre-regjeringa legge rapporten i ein skuff, legg Bru til.
Også i utvalet som har lagt fram rapporten var det forskjellige meiningar om private leverandørar av velferdstenester.
– Har du leverandørar med profittmål inne er det risiko for at det fører til kunnskapsovertak, sa utvalsleiaren.
NHO sin representant i utvalet, Nils-Ola Widme, meiner private aktørar kan brukast til å skape forbetring i tenestene.
Sjå resten av debatten mellom dei to frå Dagsnytt 18: