Trondheimar på 32 omkom på Snøhetta

Det var ein 32 år gammal trondheimsmann som mista livet i ulykka på Snøhetta laurdag. Den omkomne og to andre klatrekameratar var i ferd med å gå Snøhetta-traversen, da 32-åringen som gjekk sist, fall ned. Lensmannskontoret på Dombås kan ikkje seie direkte kva årsaka er, da ingen såg kva som skjedde.