Hopp til innhold

Trondheim kommune kallar inn til krisemøte: – Fjern fråværsgrensa

Trondheim opplever ny smittetopp. Ordførar Rita Ottervik (Ap) kjem med ei bøn til kunnskapsministeren om å fjerne fråværsgrensa så raskt som mogleg.

Rita Ottervik på kontoret sitt i Trondheim.

KRISEMØTE: Ordførar i Trondheim, Rita Ottervik (Ap). Kommunen kallar inn til krisemøte etter ny smittetopp onsdag.

Foto: Morten Karlsen / NRK

Kommuneleiinga i Trondheim kallar inn til ekstraordinært krisemøte onsdag ettermiddag.

– Bakteppet er høge smittetal, men også ei helseteneste i kommunen som er pressa, seier ordførar Rita Ottervik (Ap) til NRK.

Ho ber skulestatsråd Tonje Brenna (Ap) om å gjeninnføre unntak frå fråværsregelen, slik det tidlegare har vore under koronapandemien.

Adresseavisen omtalte saka først.

NRK erfarer: Avgjerd om fråværsreglar torsdag

Etter det NRK erfarer, kjem regjeringa til å kome med ei avgjerd i morgon, torsdag, om kva slags fråværsreglar som skal gjelde vidare i haust.

Onsdag melder Trondheim kommune om 218 registrerte koronasmitta. Det er ein ny smittetopp. Det er mykje smitte blant barn no. 138 av dei smitta er under 20 år.

– Eg har ei stor bøn til kunnskapsministeren om at ho så snart som mogleg bør fjerne fråværsgrensa. Vi treng ikkje sjuke barn og unge på skulen. Dei må vere heime og bli friske, slik at vi får ned smitten, fastslår Ottervik.

Kunnskapsminister Brenna har svart på kravet frå ordføraren:

– Eg har veldig stor forståing for at fråværsreglane skaper stort engasjement, og at det er krevjande, særleg i område med mykje smitte. Regjeringa jobbar med dette. Eg kjem tilbake så fort eg har ei løysing klar, lovar ho.

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) skriv følgjande i ei tekstmelding til NRK:

– Ordføraren peikar på løysingar som regjeringa har til vurdering. Ho har gode argument.

Unntak frå fråværsgrensa under pandemien

Fråværsgrensa seier at elevane ikkje kan vere vekke frå skulen meir enn 10 prosent i eitt fag utan sjukemelding.

Under pandemien har det vore unntak frå dette. Men frå 11. oktober kom regelen tilbake.

– Eg opplever at både rektorar og fastlegar seier at det no må gjerast noko med det. Det er heilt håplaust å stoppe smitte og den utviklinga vi har, om ikkje ungdommane er heime, meiner Ottervik.

Også KS ynskjer å fjerne fråværsgrensa.

Direktør Helge Eide i Kommunenes organisasjon (KS) seier til NRK at dei har hatt møte med fylkesordførarkollegiet i dag.

– Eit samla kollegium og KS meiner det er viktig at regjeringa straks fjernar fråværsgrensa slik ordføraren i Trondheim også ber om, seier han.

Sjukehus under sterkt press

Også sjukehusa er under sterkt press på grunn av både korona og influensasesong.

– Det gjer at vi må diskutere situasjonen og kva som må gjerast for å sikre helsetenestene, seier Ottervik.

Ni personar er no innlagde med koronavirus på St. Olavs hospital. Éin av desse får intensivbehandling.

St. Olavs hospital har gått i gult beredskap, og avlyser planlagde operasjonar.

– Vi har tilsette som jobbar under press, og som jobbar hardt for å halde oppe tenestekvaliteten så godt som mogleg, seier Ottervik.

Også sjukehusdirektør Grethe Aasved er bekymra.

– Vi står no i ein krevjande situasjon der tilsette ved sjukehuset har ei svært tøff belastning for å ivareta sikkerheita til pasientane. Tilsette har gjennom lang tid stått i denne situasjonen, og eg er bekymra for dei tilsette si arbeidsbelastning og helse.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier regjeringa følgjer situasjonen tett.

– Eg føler med dei som jobbar på sjukehusa som opplever stort press, men dei rapportane vi får er at dette blir handtert. Dette blir følgt frå dag til dag og time til time, seier Støre.