Hopp til innhold

Åtvarar mot smitterisiko ved dørsal

Kommuneoverlegen fryktar dørseljarar skal komme med smitte til Trondheim.

Tove Røsstad, kommuneoverlege i Trondheim

ÅTVARAR: Kommuneoverlege i Trondheim, Tove Røsstad.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Fleire dørseljarar har kome til Trondheim frå område med stort smittetrykk. No ber kommunen folk vere på vakt for å unngå å bli smitta av dørseljarar.

– Det har i minst to tilfelle blitt henta inn dørseljarar til Trondheim frå område i landet med høgt smittepress. Det anbefaler vi ikkje, seier kommuneoverlege Tove Røsstad som i dag gjekk ut med ei åtvaring til folk.

Smittetilfellet i Bergen

I oktober blei ei eldre kvinne i Bergen sett i karantene etter at ho hadde hatt besøk av ein koronasmitta seljar.

Det har ikkje blitt påvist smitte mellom dørseljarar og kundar i Trondheim til no under pandemien. Likevel ber kommuneoverlegen folk følgje med.

– Det er umogeleg for kundane å vite om seljaren er lokal eller kjem frå ein stad med mykje smitte. Difor gjeld det å vere forsiktig, understrekar Røsstad.

Oppfordrar folk til å ikkje sleppe seljarar inn i huset

Regjeringa anbefaler folk å ikkje ha meir enn to personar på besøk kvar veke.

Burde ein drive med dørsal no?

– Man kan drive med dørsal, men seljaren skal vere veldig bevisst på at han kan vere smitta, seier Røsstad.

Kommunen oppfordrar både kundar og seljarar til å ta ei rekkje forholdsreglar ved dørsal.

Her er råda:

  • Hald avstand til kvarandre.
  • Seljarar bør bruke munnbind dersom dei får komme inn i heimen.
  • Møtet mellom seljar og kunde bør helst gå føre seg utandørs, og med god avstand.
  • Kunden bør bruke eigen penn ved signering av avtalar. Ved signering på til dømes ein Ipad bør ein sprite hendene og nettbrettet før signering.