NRK Meny
Normal

Trondheim får milliardar til superbussar

Den nye bymiljøavtalen gir Trondheim 3,76 milliardar til å mellom anna forbetre kollektivtilbodet. Åtte andre storbyar skal inngå avtalar, men Trondheim er først til å bli einige med staten.

Norges lengste buss

AtB satsar på å få superbussar som dette i Trondheim frå 2018.

Foto: Morten Andersen/NRK

Superbussane kjem til Trondheim. Formålet er at fleire skal gå og sykle.

Ordførar Rita Ottervik (Ap) er svært glad for pengane.

– Det er ein fantastisk dag for Trondheim. Dette gir oss moglegheiter til å legge til rette for innbyggarane og næringslivet, og vi er ganske stolte over at vi er først i Norge med å få ein bymiljøavtale og pengar frå staten, seier Ottervik.

Nesten T-bane

Ottervik ser fram til at kollektivtilbodet skal bli betre:

– Vi får 3,76 milliardar kroner frå staten til superbuss-trasear i Trondheim. Det betyr at vi nesten får T-bane, men at vi køyrar med buss på tre linjer. I tillegg får vi pengar til å bygge ut enda meir kollektivtrafikk, gang og sykkel. Dermed kan vi sørge for at fleire går, syklar og tar buss, og færre køyrer bil.

Tre ruter

Superbussen skal satse god komfort, høg standar på billettering, og vere miljøvennleg.

Det vert planlagt ei rute frå Byåsen til Dragvoll, og to ruter frå Heimdalsområdet til austlege bydelar.

Slik er de nye superbussane:

Norges lengste buss

NRK var med på køyretest av superbuss i desember. Se video her

Fokusområdet den første fireårige perioden med miljøavtalar, er å legge til rette naudsynt infrastruktur langs signalrutene. Strategien er å betre framkommelegheit i dei aktuelle traseane på same tid som ein utbetrar infrastrukturen og fasilitetane.

Fleire forhandlar

Avtalen representerer ei styrking og vidareutvikling av Miljøpakken i Trondheim som så langt har oppfylt nullvekstmålet, står det i pressemeldinga.

Amund Ringdal, statssekretær (H) i samferdselsdepartementet påpeikar at dette er ein politisk intensjonsavtale mellom fylkeskommunen, kommunen og staten.

– Staten skal finansiere halvparten av store kollektivutbyggingar, som superbuss i Trondheim, forklarar han.

Ved å lansere tilbod om superbuss i Trondheim, skal byen forsøke å halde oppe nullvekstmålet. I pressemeldinga frå Miljøpakken står det at superbussen er eit tilbod som i stor grad skal innehalde bybanens kvalitetar.

I alt ni byområde i Norge forhandlar om ein del av potten, for å få midlar slik Trondheim no gjer.

Norges lengste buss

AtB satsar på å få superbussar som dette i Trondheim frå 2018.

Foto: Morten Andersen/NRK

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.