NRK Meny
Normal

Trønderar mest ivrig på dialekt-SMS

Ingen brukar meir dialekt når dei skriv SMS enn trønderane. Språkforskar Sylfest Lomheim trur det ligg prestisje i trønderdialektane.

SMS på trøndersk
Foto: Øystein Windstad

Artikkelen er flere år gammel.

Ei undersøkjing gjort av Netcom viser at 62 prosent av nordtrønderane, og 51 prosent av sørtrønderane vel talemål i SMS. Det er høgt over landssnittet.

 Prestisje

Språkforskar Sylfest Lomheim har fleire forklaringar på korfor trønderane er flinkare å skrive SMS på dialekt enn andre:

- At det er mindre dialekt i SMS på Austlandet kjem nok av at det ligg mindre prestisje i dialektane på flat-austlandet, og det er litt synd, seier språkforskar Lomheim.

Sylfest Lomheim

Sylfest Lomheim meiner trønderdialektane er guds gåve til SMS-språket.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Enklare

Mens dei fleste andre stadar i landet brukar nynorsk eller bokmål, syns trønderar det er enklare, kortare og raskare å skrive på dialekt fortel Lomheim:

- Det er nok populært i Trøndelag fordi den kutta ut endingar, bokstavar på slutten av ord, meir enn feks bokmål, og meir enn eg gjer som vestlending. Det gjer at trønderdialektane  er som guds skapte dialekt nesten, å bruke på SMS. 

 

Video fra Trøndelag

Den vesle måkefuglen krykkje var en av kystens vanligste fugler, på 80-tallet var det hundretusener av dem i fuglefjellene langs kysten, men nå er den strekt truet. Fuglefjellene blir stille - og biologer er svært bekymra for utviklinga
Kystkommunen blir fordelt på Hemne/Halsa, Hitra og Orkdal.
Arne Sevaldsen fant Norges største gullklump under gullgraving i elva Gisna.