Hopp til innhold

Trønder dømt for å ha valdteke tre gutar mens dei sov og var fulle

–Ein mann i slutten av 40- åra er dømt til fire og et halvt års fengsel for valdtekt av tre ungdommar. Overgrepa skjedde i løpet av fem år i ei bygd i Trøndelag.

For nokre år sidan stod den no tiltala fram i ei avis og fortalde korleis det var å vere homofil i bygda.

For nokre år sidan stod tiltalte fram i avisa som homofil. No er han dømd for valdtekt av tre unge gutar.

Foto: Faksimile

Sør-Trøndelag tingrett frifinn tiltalte for eit overgrep mot ein fjerde fornærma. I tillegg eit tilfelle av seksuell omgang med ein mindreårig. Retten meiner det er tvil om fornærma var under 16 år då overgrepet skjedde.

Handlingane skal ha skjedd frå 2011 til 2016, ifølge tiltalen frå Statsadvokaten. Tiltalte utførte ufrivillig oralsex på dei fornærma, som i straffelova er seksuell omgang i form av valdtekt. Dette skjedde mens dei sov eller var fulle og ute av stand til å sette seg imot overgrepa.

Aktors påstand var sju års fengsel.

Forklarte seg likt utan å ha snakka med kvarandre

Dei tre fornærma som tiltalte er dømd for å ha valdteke, forklarte seg uavhengig av kvarandre utan å ha snakka saman, skriv retten.

Tiltalte var på garden då overgrepa skal ha skjedd og har hatt høve til å uføre handlingane.

Retten meiner tiltalte sin framgangsmåte ved å oppsøke gutane mens dei sov og var fulle - er eit sentralt moment i bevisvurderinga. Tingretten viser til at han er tidlegare dømd for eit tilfelle av seksuell handling med ein 15 år gamal gut.

Tiltalte blir frifunnen for overgrepet mot ein fjerde ungdom.

Retten meiner jenta som delte seng med fornærma måtte ha vakna av det som gjekk føre seg og er i tvil om overgrepet kan ha skjedd. Derfor blir tiltalte frifunnen.

FOR TRONGT: Tiltalte meiner eit vitne til overgrep ikkje forklarer seg sant. Her stod det tidlegare ei seng langs veggen ved vindaugo til høgre. Foto: POLITIET

FOR TRONGT. Tiltalte meiner det ikkje var mogeleg å gjere overgrep her, slik vitne skildrar det. Møbleringa i rommet var annleis enn på dette biletet som vart lagt fram i retten.

Foto: Politiet

Fortalde ikkje om overgrepa før mange år seinare

Alle dei fire unge mennene var prega under rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett i mai. To måtte ta lange pausar i vitneboksen fordi dei byrja å gråte. Tiltalte måtte sitte i eit anna rom med videooverføring etter krav frå bistandsadvokat og aktor.

Dei fire fortalde ikkje andre om hendingane før mange år etter. Dei konfronterte heller ikkje den no tiltalte. Unntaket er guten som vart utsett for minst 15 overgrep. Tiltalte svarte då at han og ein annan av dei fornærma også hadde «gjort det» og at det var ingenting å skamme seg over.

– Eg vart forbanna og storma ut, trudde ikkje på han, sa fornærma som i dag er i midten av tjueåra.

I retten forklarte tiltalte seg svært konkret om kven som var på garden ved ulike festar. Stort sett stadfesta han det dei fornærma fortalde om når festane var. Men han nekta for å ha hatt noko seksuelt forhold til ungdomane.

Det hvite stabburet på gården hadde den tiltalte mange fester

OPE HUS: I stabburet på garden var det ofte festar.

Foto: POLITIET

Tre av dei slit i dag med psykiske problem, rus, traume og depresjon. Behandlarane meiner dette i hovudsak skuldast overgrepa.

–Dømt utelukkande på forklaringane til fornærma

Forsvarer Morten Aalberg seier til NRK at tiltalte sjølsagt er vonbroten over domen og at han kjem til anke.

–Klienten min er dømd utelukkande på forklaringar frå dei fornærma utan noko underliggande bevis som stadfester historiene deira.

Tiltalte må også betale oppreisningserstatning på i alt 200 tusen kroner til dei tre fornærma.

Bistandsadvokat Sigrun Dybvad representer tre av dei fornærma.

-Dei er letta over at han har fått ei lang fengselsstraff, sjølv om tiltalte vart frifunnen for tiltalen som galdt den eine av dei tre klientane mine, seier Dybvad.