Hopp til innhold

Trøndarar sviktar nattverden

Det er færre som går til nattverd i Nidaros bispedøme enn andre stader i landet.

Tor Singsaas, biskop, Nidaros bispedømme
Foto: Trond Leirvik / NRK

- Eg skulle gjerne hatt høgare tal for Nidaros, seier biskop i Nidaros Tor Singsaas til NRK Trøndelag

Tal frå kyrkja syner at trøndarar er blant dei som går minst til nattverd. Oslo bispedømme har flest deltakarar i nattverden. Der deltek 37 prosent av kyrkjegjengarane, medan Nidaros bispedøme berre har 14 prosent deltaking.

Saman med Sør-Hålogaland og Hamar er dette dårlegast i landet.

Stor utfordring

- Eg vil tru at vi har ei utfordring i å fortelje folk at det ikkje skal vere noko større barriere for å gå til nattverd enn å døype ungen sin. Det er same innhald og same bodskap, seier Singsaas.

Biskopen trur noko av grunnen til den låge deltakinga er at færre av gudstenestene i Trøndelag inneheld nattverd.

- På 1800-talet gjekk alle til nattverd. Så vart det eit problem for mange at det berre var ein vane. Dei som ikkje var personleg kristne slutta å gå og det heng igjen.

På veg oppover

Trass i at trønderane er mellom dei dårlegaste i landet til å gå til nattverd er det stadig fleire som går til nattverd, ifølgje biskopen.

- Problemet er nok at det ikkje er nattverd på dei store folkekyrkjedagane til dømes 1. juledag 1. påskedag, medan dei i Oslo har nattverd på alle.

Viktig å delta

Han meiner det ikkje er nokon grunn til å sitje i kyrkja å sjå på andre delta utan å gjere det sjølv.

- Det er ingen som hindrar folk i å delta. Dette er ei gåve. Det er noko av det heilagaste vi har når vi står med Jesu lekam mellom hendene våre, seier biskopen.