Hopp til innhold

Trond Giske melder fleire aviser til PFU

Trond Giske klagar inn fem aviser for artiklar med påstandar mot han, som han meiner dei ikkje kan dokumentere.

Trond Giske. Bildet er tatt i forbindelse med årsmøte i Trøndelag Ap, 29.08.20

Trond Giske under årsmøtet i Trøndelag Ap i 2020.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Trond Giske klagar inn fem aviser til Pressens Faglige Utvalg, melder VG. Utvalet er pressa sitt sjølvdømmande organ.

Giske meiner at to artiklar som først vart publisert i Adressa, som og vart publisert av fleire andre Schibstedaviser, bryt pressa sine etiske reglar for bruk av anonyme kjelder, punkt 3.2. I V.V.P, skriv VG.

NRK har ikkje lykkast med å få nokon kommentar om klaga frå Trond Giske. Vi har heller ikkje lykkast med å få tak i PFU-klagen.

Sjefredaktør Kirsti Husby i Adresseavisen skriv til NRK at dei har mottatt ei klage og at dei vil behandle denne på vanleg måte. Utover dette ønskjer ho ikkje å kommentere saka ytterlegare.

Giske meiner avisene braut bransjen sitt etiske regelverk då dei skreiv om eit varsel mot han i fjor.

Trond Giske omtalte sjølv saka på Facebook i fjor. Han meinte då at Adressa hadde publisert påstandar dei ikkje kunne dokumentere. Ifølgje klagen som VG skriv om meiner han framleis dette.

Det mykje omtalte varselet kom før årsmøte i Trøndelag Arbeidarparti i fjor. Valkomiteen valte sidan å skrote innstillinga av Trond Giske, som var foreslått som ny leiar i fylkespartiet.

Til helga er det nytt årsmøte i Trøndelag Ap.