Hopp til innhold

Trøbbel med innsjekk skapte lange køar på flyplassane

Det har vore problem med eit datasystem på flyplassar over heile landet søndag morgon. Feilen er no retta.

Kø til innsjekk på Trondheim lufthavn Værnes

LANG VENTETID: Det danna seg lange køar på Trondheim lufthamn Værnes i morgontimane søndag.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

Datatrøbbel førte til at flypassasjerar måtte vente ekstra lenge med å få sjekke inn søndag morgon.

Like før klokka 12 er innsjekkingssystemet oppe og går igjen, bekreftar Avinor overfor NRK.

Det er innsjekkingssystemet «Amadeus» det er snakk om. Datasystemet blir brukt av dei fleste store flyselskapa.

Har fått bistand frå Telenor

Like etter kl. 10.30 var det litt mindre forseinkingar på fleire av flyplassane.

– Systemet er ikkje heilt nede, men det er veldig ustabilt til tider. Det verkar som vi er på veg ut av det no, sa pressekontakt i Avinor, Harald Kvam til NRK.

IT-avdelinga i Avinor og «Amadeus» har jobba med å rette opp feilen.

I tillegg har dei fått bistand frå Telenor.

Norwegian

FEILMELDING: Her får ein ikkje sjekke inn på flyet med flyselskapet Norwegian. Fleire flyselskap er råka.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK

– Leit at passasjerane blir råka

Widerøe beklagar at passasjerane må vente.

– Det blir vanskeleg når passasjerane skal sjekke inn, og det blir også utfordringar når vi skal sende av garde flya, fortel kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli.

– Her blir passasjerane våre råka. Det er utruleg leit, legg ho til.

Catharina Solli, kommunikasjonssjef i Widerøe.

BEKLAGAR: Kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli beklagar at passasjerane må vente.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Har jobba på spreng

NRK sin reporter på Trondheim lufthamn Værnes melde om lange køar i 08.30-tida.

Ved Oslo lufthamn Gardermoen har dei ei reserveløysing som tek unna køane.

– Vi gjer det vi kan for å rette opp i systemet, slik at vi kan få ein normalisert dag igjen. Alle jobbar på spreng for å få denne løysinga på plass igjen, sa Solli i Widerøe kl. 10.