Hopp til innhold

Tretti verftstilsette permittert

Alle dei tilsette ved Trondheim verft er permitterte.

Verftsindustrien i Trøndelag har dystre utsikter. Ved årskiftet blei alle dei tretti tilsette ved Trondheim verft permitterte.

Årsaka er at ordreboka for 2009 er tom.

- Situasjonen er ikkje lys i øyeblikket. Vi har permittert alle dei tilsette frå årsskiftet og har også ein vanskeleg økonomisk situasjon og handtere, seier styreleiar Eigil Erbe til NRK Trøndelag.

Stort underskot

Trondheim verft slit med et stort økonomisk underskot frå i fjor, samstundes som verknaden av finanskrisa treff med full tyngde.

- Vi kan ikkje utelukke ein konkurs slik situasjonen er no, men vi jobbar med alternative løysingar. Vi er på hugget, men eg kan ikkje gå ut med detaljar no, seier Erbe.

Tørke i byggebransjen

Også Moen Slip i Kolvereid slit med manglande oppdrag, og har så langt ingen kontrakt på nybygg, seier administrerende direktør Odd Arne Urdshals.

- Med nesten fullstendig tørke i byggebransjen, ser vi ikkje for oss for oss at vi skal få noko nybygg som vil gi sysselsettingseffekt for oss. Men vi jobbar med eit par relativt store oppdrag som gjeld ombygging, så vi håper vi skal greie å vinne eitt eller to av dei innan kort tid, seier Urdshals.

Eit slikt prosjekt kan hindre permitteringar i Moen Slip, legg Urdshals til.