Hopp til innhold

Tre års fengsel for 16-åringar etter fleire ran

To mindreårige i Trondheim er dømde til tre års fengsel i den mest omfattande rettssaka etter ransbølgja i fjor haust. To av åra må sonast i fengsel. Domen blir truleg anka.

Tiltalte

Den omfattande tiltalen mot dei fire dreier seg om ni ran, tre av dei grove. I tillegg tjuveri, vald, fridomsrøving og forsøk på ran.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Den omfattande tiltalen mot dei fire dreier seg om ni ran, tre av dei grove. I tillegg tjuveri, vald, fridomsrøving og forsøk på ran. Alt skjedde i løpet av knappe tre månadar i fjor haust, hovudsakleg i Trondheim sentrum.

«Utagerande, grenselaust liv»

Begge 16-åringane har tilstått det eine grove ranet. Her finst det bilete frå overvakingskamera. Det viser at dei tiltalte freistar å ta ut pengar frå minibank med kortet til NTNU-studenten Tobias Borthen. Han vart også rispa med kniv i andletet.

Tre ungdommer raner en annen ved minibanken på Torvet i Trondheim.

Her freistar dei tiltalte å ta ut pengar frå minibank med eit kort dei har stole.

Foto: Overvåkingskamera/Politiet

Her fortel Borthen korleis ranarane gjekk fram:

Den største summen ved eitt ran var uttak på til saman 10 tusen kroner frå korta til dataingeniør Roar Fløttum. Han er kristen og evangeliserer på fritida. Dei tiltalte lokka han med og sa at ein kamerat trengde å bli beden for fordi han var skadd i foten.

Til NRK sa Fløttum at han trudde «hans siste time var komen» då han vart halden tilbake i ein bakgard i ein halv time. Imens gjekk andre av ranarane til minibanken og tok ut pengar. Dette ranet har 16-åringane tilstått.

Roar Fløttum

Roar Fløttum fortalde i retten om kvelden han vart rana i fjor haust.

Foto: Kari Sørbø

I domen står det at dei to har levd eit «utagerande, grenselaust liv». Lovbrota har ramma tilfeldige personar og målet var å skaffe pengar til rus. I alt er det 14 fornærma i saka.

Retten frifinner 16-åringane for eitt av dei tre grove rana og for eit simpelt ran. Dei to fornærma ungdomane kunne ikkje kjenne att dei tiltalte på bilete dei fekk sjå i retten.

Det eldste offeret var ei kvinne på 84 år som vart fråteken veska si som ho hadde i rullatoren mens ho var ute og gjekk tur på ettermiddagen like ved heimen sin i Stjørdal:

Tjuveri av jakker for 20 tusen kroner er eitt av tiltalepunkta dei to 16-åringane har erkjent etter videoovervaking frå butikken.

Dei to 16-åringane skal dømast til tre års fengsel, av det eitt år med prøvetid. Det betyr at to år skal sonast i fengsel.

Aktor Kaia Strandjord i retten hvor fire ungdommer står tiltalt for blant annet grove ran.

Aktor Kaia Strandjord i retten der fire ungdommar står tiltalte for mellom anna grove ran.

Foto: Kari Sørbø / NRK

«Jakkebeviset»

Den einaste over 18 år nekta straffskuld for alt og forklarte i retten at han ikkje var til stades då rana skjedde. Han er bror til ein av dei to 16-åringane.

Sør-Trøndelag trur ikkje på 18-åringen som seier han ikkje var til stades og dømer han for eitt av dei fem tiltalepunkta- ranet av Fløttum. Her viser retten til det den kallar «jakkebeviset». På mobilbilete og film frå overvakingskamera har 18-åringen på seg ei jakke som liknar veldig på den politiet fann heime hos foreldra hans.

Om ranet av Fløttum skriv retten at 18-åringen «utnytta Fløttum sitt ønske om å hjelpe medmenneske.» Og at 18-åringen var med på å «håne Fløttum som er ein kristen evangelist».

Derimot er 18-åringen frifunnen for andre ransforsøk. Politiet meinte fotspor i snøen på åstaden passa med skoavtrykk frå 18-åringen. Retten meiner det ikkje er bevist utover rimeleg tvil at avtrykket kjem frå skoen til tiltalte.

Han var 18 då rana skjedde og skal derfor dømast som ein vaksen. Sør-Trøndelag tingrett fastset fengselsstraffa til eit år og seks månadar og tek omsyn til at tiltalte er ung.

Den fjerde og yngste tiltalte er 15 år. Han tilstod tidleg dei to rana han var med på og har brote med miljøet. Retten dømer han til ungdomsstraff som han må gjennomføre i løpet av to år. Barnevern og uteseksjonen i Trondheim kommune følgjer han og familien opp, blir det vist til i domen.

Kaia Strandjord

Under rettssaka bad aktor Kaia Strandjord om fem års fengsel, av dei tre år utan vilkår.

Foto: Kari Sørbø

Uavklart om soningsforhold etter fylte 18 år

Alle dei fire tiltalte kom til Noreg for få år sidan. Tre av dei har mellombels opphaldsløyve. I retten stilte dei med forelder som verje. Foreldre fortalde om vanskar med å få barna til å gå på skule og om kontakten med barnevernet for å få hjelp.

Dei to 16-åringane har sete i varetekt sidan byrjinga av desember. I fengslingkjennelsane har retten skrive at samfunnet må vernast fordi det er stor fare for ny kriminalitet om dei vart sette fri.

Den eine har budd på fem ulike barnevernsinstitusjonar. I domen skriv retten at tiltalte «ikkje har vist evne til å tilpasse seg habiliteringa han har fått.»

Både han og den andre 16-åringen vart i fjor plassert på same institusjon. Herifrå rømte dei og drog til Trondheim der rana skjedde.

Forsvararane meiner ungdomsstraff for dei tiltalte er det einaste rette.

Tore Angen representer den eine 16-åringen:

– Vi er nøgde med at retten har frifunne min klient for fem av tiltalepostane. Men er sjølvsagt sterkt usamde i at han er dømt til fengsel utan vilkår.

Kva som skal skje når dei to 16-åringane fyller 18, tek ikkje retten stilling til. Men skriv at det vil vere uheldig å overføre dei til eit fengsel med vaksne innsette. Begge 16-åringane har sete i varetekt i ungdomsfengsel til no.

Dei tiltalte er også dømde til å betale oppreisningserstatning på dryge 150 tusen kroner til dei mange fornærma i saka.

Under rettssaka bad aktor bad om fem års fengsel, av dei tre år utan vilkår.

-Eg er nøgd med at retten er samd med påtalemakta i at fengsel utan vilkår er tvingande naudsynt. Om vi kjem til å anke, fordi retten har sett ned straffa må vi kome tilbake til.

Det seier statsadvokat Kaia Strandjord til NRK torsdag ettermiddag.

Ankesaka er alt fastsett i Frostating lagmannsrett i månadsskiftet juni/juli.

I fleire av ranstilfella er også andre mistenkte eller allereie sikta. Nokre har reist frå landet, ifølgje Strandjord.

I alt har politiet registrert om lag 30 ran i Trondheim frå oktober til januar. Det er dobbelt så mange som i 2018.