NRK Meny
Normal

Trang fødsel for ny bok

Frode Sander Øien frå Trondheim har skrive på den nye boka si i snart seks år.

Frode Sander Øien
Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Forfattar, dramatikar og musikar Frode Sander Øien debuterte med boka "Fantastiske Pepsi Love" for vel seks år sidan.

Kasta heile manuset

Rett etter kasta han seg over eit nytt bokprosjekt og skriv 250 sider i rekordfart, men han var ikkje heilt nøgd med resultatet. 

-  Det blei ikkje så bra som eg ville, så eg kasta heile manuset. Etterpå flaug eg litt rundt til mellom anna Island og Barcelona mens eg skreiv vel hundre nye sider, men heller ikkje dei blei bra, seier Øien til NRK Balsam.

Han kom etterkvart inn i ein litt ond sirkel og mista trua på seg sjølv. Først etter sju månader kom han på sporet av noko han følte var bra igjen.  

- Aha, no er eg klar! No kan eg begynne å jobbe og skjønnar kva eg skal gjere. Og slik går det fort fem år, forklarar Øien.

Flott andrebok

Frode Sander Øien er som alle andre forfattarar svært forsiktig med å fortelje kva den nye boka handlar om. Men han kan røpe at handlinga i den nye romanen er lagt til Noregs minste nasjonalpark, Gutulia, mellom Femunden og svenskegrensa.  

Hovudpersonen i boka arvar ei hytte i nasjonalparken og trekkjer seg tilbake og blir buande der, for å få vere åleine. Men det viser seg etterkvart at han slett ikkje er åleine.

- Eg har jobba lenge og masse med det som garantert kjem til å bli den andre boka. Dette er ei bok eg syns er kjempefin, seier Øien

Eitt av måla med den nye romanen er å få til gode naturskildringar. Trondheimsforfattaren vil difor besøke Gutulia åleine nokre dagar, for å få den rette stemninga når han skal skrive om mannen i parken. 

- Eg skal vere heilt åleine i skogen nokre dagar, og det gruar eg meg skikkeleg til. Researchen min viser at det er både ulv, bjørn og jerv i skogen, så det skal bli spennande, seier Øien.

Kollapsa på golvet

Frode Sander Øien karakteriserer seg sjølv som over snittet impulsiv. På ein skala frå ein til ti, gir han seg sjølv karakteren 9,5.

- Impulsivitet er som ein dose energi. For dei som drikk kaffi kan det verke som ein tredobbel dose espresso. Du berre svevar avgarde i ein slags rus og føler deg høg og energisk.

Men impulsiviteten har også ei bakside, det fekk han merke då han gapte over for mykje. På ei og same tid hadde han fast jobb på dagen, var trenar for sonen på kveldstid og skreiv musikk og roman om natta.

- Eg sov og åt lite og tenkte berre at det var artig å skulle lage ting. Det resulteret i at eg kollapsa på golvet og vakna på sjukehuset med masse legar rundt meg, sprøyte i munnen og elektrodar på kroppen, seier Øien.

Etter kollapsen fekk han to år arbeidsforbod av legen sin.

- Det var heilt krise å skulle sitte i ro og ikkje gjere nokon ting. Det tok tre månader før eg greidde å sette meg ned, og det var ein utruleg tung periode, fortel trondheimsforfattaren.

No ser han tilbake på tida og har lært seg å ta livet meir med ro og ikkje stresse med å nå alt.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.