Til sjukehus etter MC-ulykke

Ein motorsyklist er sendt til Sykehuset Levanger etter å ha kjørt av vegen på E6 ved Åsen i Nord-Trøndelag.

Ulykke på Åsen

Det var på denne bakketoppen ulykka skjedde, da motorsyklisten kjørte av vegen.

Foto: Terje Næss
Lange køar ved Åsen

Det var lange køar på staden ei god stund etter at vegen var åpna etter ulykka.

Foto: Terje Næss

– Motorsyklisten, ein mann i 60-åra, har fått bruddskadar, seier operasjonsleiar hos politiet i Nord-Trøndelag, Kjetil Mollan.

Ulykka skjedde rett sør for Åsen sentrum, på ein bakketopp ved brua over jernbanen.

– MC-føraren var på veg sørover, og kjørte utfor i ein sving. Han var bevisst etter ulykka, og det var folk på staden, både lege og sjukepleiar, som tok vare på han til nødetatane kom, seier Mollan.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 1823.

Vegen vart åpna klokka 1901, men ein time etter ulykka var det framleis lange, saktegåande køar i begge retningar.

Video fra Trøndelag

Store nedbørsmengder har gitt stengte veger og togavsporing
1500 besøkende i helgen
I 2016 har det vært nesten 10 000 viltpåkjørsler. 1/4 av dem skjer i Trøndelag.