Hopp til innhold

Trafikkulukke ved Byåsen

Politiet er på veg til Lian i Byåsen kor ein bil skal ha køyrd utfor. Tre personar skal ha sprunge frå staden, skriv politiet på Twitter. Føraren av bilen skal vere uskadd, og politiet prøver å få tak i dei tre personane som forsvann frå ulukka.