Hopp til innhold

E6 opna igjen etter trafikk­ulukke

Tre bilar var involvert i ei trafikkulukke i Væretunnelen på E6 aust for Trondheim.

Kø Trondheim

KØ: Det var mykje kø på E6 etter trafikkulukka.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Tunnelen som var stengd i begge retningar som følgje av ulukka, er no opna igjen.

Tre bilar og tre personar var involvert i ulukka. Ein av personane er sendt til legevakta.

Politiet seier det ikkje er ei alvorleg ulukke, og at det truleg er snakk om påkøyring bakfrå i sørgåande retning på E6.

Ulykka førte til ein del kø i området, også på omkøyringa via fylkesveg 950.

Væretunnelen på E6 aust for Trondheim.