Hopp til innhold

Trafikkuhell ved Lundamo

På E6 mellom Melhus og Støren har det vore eit trafikkuhell ved Lundamo. Det skal vere snakk om ein kollisjon mellom lastebil og ATV. Det er kø i begge retningar, melder Vegtrafikksentralen. Føraren av ATV-en har berre fått skrubbsår, seier operasjonsleiar Roger Mogstad i politiet. Naudetatane er på staden.