Trafikkuhell på E39 i Orkland

Ein bil har hamna på taket utanfor vegbana sør for Rodal i Orkland. Ambulanse og brannvesen er framme på staden. Det var éin person i bilen og vedkommande framstår som uskadd. Sjåføren blir tatt med til legevakta for ein sjekk, fortel politiet til NRK.