Hopp til innhold

Torevêr tok straumen

Kraftig torevêr gjorde fleire husstandar straumlause i natt.

Strømledninger
Foto: Espen Bierud / NRK

Straumen har vore borte både i Rissa, Stadsbygd og Vikna.

I Rissa og Stadsbygd er den tilbake, men i Vikna er det framleis ein del straumlause abonnentar.

Kraftig regn

Flom
Foto: MMS-foto: Tormod Aune / NRK

Det har også vore høg vassføring i elvene i regionen etter det kraftige regnvêret i natt.

– Det er mindre nedbør og kjølegare ver, så stortsett alle vassdrag er på retur, seier vakthavande hydrolog hos NVE, Lars Evan Pettersson, til NRK Trøndelag.

Trøndelag brann- og redningstjeneste, som har oversikt over 25 kommunar i Sør-Trøndelag, har ikkje fått melding om problem grunna vêret.

I Namsos har dei oversikt over Nord-Trøndelag, heller ikkje der er det meldt om utrykningar.

Flaum fleire stader

Fleire stader har det vore så høg vassføring i elvene at hydrologen karateriserer det som flaum.

– I Namsen og ut mot kysten er det den verste flaumen vi har sett på mange år. Fleire andre stader snakkar vi også om ti og tjueårs flaumar og kanskje endå større også, seier Pettersson.