Hopp til innhold

Tore Johansen satsar på nytt publikum

Songaren, kjent som Gjertrud i «The Julekalender», blir lokalpolitikar. Men ikkje for Høgre, som hadde skrive han på lista utan at han visste om det.

Tore Johansen som synger opera på pressekonferanse for Melhuslista.

SE VIDEO: Tore Johansen blir lokalpolitikar.

For det heile starta i februar då han fann ut at Høgre i Melhus hadde sat han på lista til lokalvalet. Men der ønska ikkje Johansen å stå. No stiller han til val på den tverrpolitiske «Melhuslista».

– Då eg fann ut at eg stod på lista til Høgre, tenkte eg at eg skulle vere med likevel. Men eg takka nei til Høgre, for dei har eg ikkje stemt på, fortel Johansen.

Tore Johansen

Songaren Tore Johansen stiller til val på 'Melhuslista'.

Foto: Roger Myren / NRK

Han meiner også han har nådd ein alder der han er både gamal og nysgjerrig nok.

– Det skjer mykje i Melhus. Særskilt på kultursida, så kvifor skal eg ikkje delta, seier Johansen.

22 namn

Tore Johansen er 2.-kandidat på lista, medan Sigmund Gråbakk er ordførarkandidat. Til saman er det 22 namn på den tverrpolitiske lista.

– Det er vanskeleg å vere ein del av ei partiblokk i kommunepolitikken. Eg er til dømes engasjert i kva som skjer i Øysand, medan andre er interessert i andre deler av kommunen. Me tek sak for sak. Det trur eg er veldig viktig, held han fram.