Hopp til innhold

Tordnar mot politikarane

Tidligare Trondheimsordførar meiner politikarane svartmalar eldreomsorga i valkampen.

Per Berge var lei av svartmalinga av eldreomsorga

Per Berge (kvit skjorte) er lei av svartmalinga av eldreomsorga.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Per Berge tidligare Arbeidarpartiordførar for Trondheim kommune raste frå salen mot elendebeskrivinga til panelet under dagens folkemøte.

- Eg reagerer sterkt på delar av panelet si elendebeskriving om eldreomsorga og sjukeheimane. Det er inga elende i Noreg eller Trondheim slik vi har høyrt i debatten, seier Berge.

Berge er styremedlem i Norges Pensjonistforbund, og representerar 182.000 medlemmar, og meinar han har ei god oversikt over tilhøva.

- Trondheim er inga dårlig kommune. For to år sidan hadde vi ein eldrerådskonferanse i Trondheim, og vi fekk jubel frå alle andre storbykommunar over kva som hadde blitt oppnådd.

Berge påpeiker at jo eldre folk blir, jo fleire einslige blir det. Han meiner det er eit sosialt problem for Noreg at eldre ikkje er aktive nok.

Det må satsast meir på å aktivisere eldre for å spare samfunnet for utgiftene ved fleire sjuke, avsluttar han.