Nedverdigande og skadeleg, meiner retten om hallikverksemda til tiltalte

Tiltalte sa han formidla kontakt om massasje, stripping eller fotooppdrag. Retten er ikkje i tvil om at Tom Ketil Krogstad skal dømast for brot på hallikparagrafen. Igjen.

Tom Ketil Krogstad

UTANFOR RETTSSALEN: Tiltalte måtte møte i retten for andre gong tiltalt for brot på hallikparagrafen.

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

Club 4-grunnleggar Tom Ketil Krogstad er dømt til åtte månader i fengsel. Trøndelag tingrett meiner det er bevist at han formidla kontakt mellom prostituerte og sexkjøparar frå 2016 til 2019.

Ikkje massasje eller strippeoppdrag

Retten er ikkje i tvil om at det dreia seg om sexkjøp og skriv:

Retten er overbevist om at meldingene som er
presentert, med ett unntak, gjelder slik formidling som objektivt sett omfattes av
straffebestemmelsen.

Trøndelag tingrett

Sambuaren til tiltalte har ikkje vore kjend med at dette gjekk føre seg. Heller ikkje nokre av dei andre tilsette ved Club 4 har vore klar over dette, står det i domen.


Nokre av treffa skjedde i kjellarlokalet til Club 4-butikken i Trondheim, andre i klubben på Heggstadmoen utanfor sentrum.

To unge kvinner som var i Club 4-miljøet i 2016 vitna i retten og sa det var tiltalte som formidla kontakt med sexkjøparar.

Det var tiltalte som betalte kvinnene kontant etterpå. Dei fekk rundt 1500 kroner kvar.

Nye Club 4 i Trondheim

CLUB 4. Frå lokala på Heimdal utanfor Trondheim sentrum.

Foto: Ella Berit Mathisen / NRK

Nedverdigande aktivitet

Livssituasjonen til dei to unge kvinnene som vitna var vanskeleg i denne tida. Retten meiner det dette er skjerpande for Krogstad:

Selv om begge vitnene var myndige, tilsier deres alder og de øvrige omstendigheter rundt
deres liv, som tiltalte var gjort kjent med gjennom samtaler med dem, at det er grunnlag for å skjerpe straffen.

Trøndelag tingrett
Meldingslogg fra dom mot Tom Ketil Krogstad

UTDRAG. Mange tekstmeldingar mellom tiltalte, jenter og sexkjøparar vart lagt fram under rettssaka.

Foto: Skjermdump

Det er fleire uttdrag frå meldingshistorikken på Krogstad sin mobil i domen.

Selv om prostitusjon skjer frivillig, anser retten at tiltaltes aktivitet er nedverdigende og skadelig for de involverte. Dette underbygges av kommunikasjonen som tiltalte har hatt med kundene, hvor kvinnene blant annet fremstilles som varer som kan «kjøpes for kvelden»

Trøndelag tingrett

– Krogstad er skuffa

Tom Ketil Krogstad nektar for å ha formidla kontakt mellom prostituerte og sexkundar.

Forsvarer Farhad Shæriæti opplyser til NRK at klienten er skuffa over domen. Saman skal dei to lese den grundig. Mest sannsynleg blir den anka.

I 2002 vart Krogstad saman med to andre dømde for hallikverksemd og ulovleg skjenking. Straffa på 16 månader sona han i fengselet på Tunga i Trondheim. Han søkte om delvis frisoning. Kriminalomsorga avslo og viste til at frisoning ville vere i strid med den ålmenne rettskjensla.

Krogstad er også dømt til å betale sakskostnader på 30 tusen kroner. Mobiltelefonen han brukte blir også inndregen.

Domen kan få følgjer for utleigarane

Både Club 4-shop i sentrum og klubben på Heggstadmoen held til i leigde lokale. Når retten slår fast at det har skjedd prostitusjon her, kan også utleigar stillast ansvarleg. For det er også forbode å leige ut lokale til prostitusjon.

Kva reaksjon det kan bli snakk om når domen er rettskraftig, vil ikkje aktor seie noko om no:

–Påtalemakta er nøgd med at retten har slått klart fast at tiltalte har brote hallikparagrafen og følgd påstanden vår om straff. Så får vi kome tilbake til utleigarane si rolle, seier poltiinspektør Per Morten Brobakke til NRK torsdag føremiddag.

Siste fra Trøndelag