Hopp til innhold

50 sjåførar fekk førelegg på same kontroll: – Eg vert litt mållaus

Dei to erfarne politibetjentane har ikkje stoppa så mange bilar på ein og same kontroll før.

Politibetjent Viggo Hansen med laser og kikkert.

Politibetjent Viggo Hansen med laser og kikkert.

Foto: Mikkel Voll Stokkli / UP

I dag vart det ein usedvanleg travel dag for to politibetjentar i Trøndelag.

Klokka 12.30 stilte Viggo Hansen og Mikkel Stokkli seg opp mellom bjørketrea ved fylkesveg 710 ved Ingdalen i Orkland.

– At vi skulle få så mykje å gjere, det hadde eg ikkje forventa. Det var hektisk, seier Hansen.

Fem og ein halv time seinare hadde dei delt ut over 50 førelegg for høg fart. To personar hadde mista førarkortet.

Etter at kontrollen var ferdig måtte UP-betjentane spørje seg: Hadde dei vore med på liknande før?

– Vi kikka på kvarandre. Begge har lang fartstid i trafikkteneste. Ingen av oss har skrive ut så mange førelegg på ein og same kontroll.

Denne veka er det vinterferie i Trøndelag. I helga som var åtvara Distriktsleiar Anders Sjøtrø i UP om at dei kom til å gjennomføre ekstra mange kontrollar denne veka.

Når han høyrer tala frå dagens fartsmåling i Orkland vert han mållaus.

– Det er veldig sjeldan. Vi meiner at meir enn 20 førelegg på ein kontroll er alt for mykje. Her hadde dei over ti førelegg i timen. Skal eg vere ærleg, så vert eg litt mållaus, seier Sjøtrø.

Hentet fra UP Midt-Norge sin snapchatkonto.

UP delte dette bildet på Snapchat etter den travle dagen i Ingdalen i gamle Agdenes kommune, som no er ein del av Orkdal kommune.

Foto: UP

Vogntog stoppa i 26 km/t over fartsgrensa

Fartsgrensa på staden er 60 kilometer i timen. Etter at betjentane hadde pakka saman lasermålar, kikkert og anna utstyr sette dei seg i bilen for å gå over dagens statistikk.

Majoriteten av dei som vart tatt fekk to eller tre prikkar på førarkortet.

– Åtte av dei vi stoppa køyrde under 71 kilometer i timen. Dei 48 andre sjåførane køyrde over 11 km/t over fartsgrensa, seier Hansen.

Ein av sjåførane skilde seg ut. Ein vogntogsjåfør mista lappen etter at Hansen og Stokkli målte han til 86 kilometer i timen i 60-sona.

– Det er sjeldan at tungbilsjåførar mistar førarkortet på denne måten, seier Hansen.

No håper politibetjent Hansen at fleire lærer av dagens hending. Og at dei han stoppa i dag, som framleis har førarkort, køyrer forsiktig framover.

– Vi håper dette vert ei tydeleg påminning, seier han.

Politibetjent Mikkel Voll Stokkli under dagens fartskontroll.

Politibetjent Mikkel Voll Stokkli under dagens fartskontroll.

Foto: Viggo Hansen / UP