Tøffe tider etter samanslåing: Foreslår e-postkutt for å spare pengar

Skular, sjukeheimsplassar og e-postadresser kan ryke – alle steinar blir snudd for å få økonomien på rett kjøl.

Strømmen, Rissa sentrum
Foto: Jostein Stranden

Dei tre siste åra har Indre Fosen kommune brukt meir pengar enn dei har. No er alle oppsparte middel brukt opp.

For å få økonomien i balanse foreslår kommunedirektør Kjetil Mjøsund fleire kutt.

Mellom anna å spare 200.000 kroner ved å fjerne e-postkontoar, som kommunen betalar for utan at dei er i bruk.

Fosna Folket omtalte det først.

– Dette er eit mikroskopisk tiltak i ei heil rekkje av tiltak som er nødvendige å gjennomføre, seier kommunedirektøren.

For han foreslår også å legge ned fleire skular og barnehagar og å kutte i bu- og aktivitetstilboda for personar med nedsett funksjonsevne.

I tillegg meiner han mellom anna at sjukeheimsplassar, psykisk helsehjelp, rusbehandling, fysioterapi og heimetenesta må kuttast i for å få økonomien i kommunen på rett kjøl.

– Lisenskostnadar er ein vesentleg del av kostnadane vi har for våre tilsette. Enkelte av desse kontoane er ikkje i bruk. Det er å sløse med midlar å ha ubrukte e-postkontoar ståande, seier han.

– Vi må snu alle steinar no.

Kommunedirektør i Indre Fosen Kjetil Mjøsund

FORESLÅR MASSIVE KUTT: Kommunedirektør i Indre Fosen, Kjetil Mjøsund vil kutte fleire hundre millionar kroner dei neste åra for å få skikk på økonomien i kommunen.

Foto: Indre Fosen kommune

Skuffa over kommunesamanslåing

– Eg trur det er eit av forslaga som er ganske etande, seier ordførar Bjørnar Buhaug (Sp) om den føreslåtte e-post-oppryddinga.

For det er eit lite steg mot kommunedirektøren sitt mål om å spare rundt 200 millionar kroner dei neste fire åra.

I haust skal ordføraren og dei andre politikarane i kommunen ta stilling til kuttforslaga.

– Vi går ein tøff haust i møte i Indre Fosen, det er det dessverre ingen tvil om seier Buhaug.

Rissa i Sør-Trøndelag og Leksvik i Nord-Trøndelag slo seg saman til Indre Fosen kommune på nyåret 2018, på same tid som Trøndelag vart eitt fylke.

Ordføraren trekk fram tap av inntekter, investeringar og befolkningsnedgang i samband med kommunesamanslåinga som årsaker til at økonomien deira har blitt så dårleg.

– Det å slå saman kommunar gjorde dessverre ikkje kommuneøkonomien noko betre, vi har mista ein god del inntekter, sjølv om vi trudde at det ikkje skulle skje, seier ordførar Bjørnar Buhaug som sjølv stemte for samanslåinga.

Bjørnar Buhaug er ordførar i Indre Fosen kommune.

PEIKER PÅ SAMANSLÅINGA: Bjørnar Buhaug er ordførar i Indre Fosen kommune. Han meiner samanslåinga av Rissa og Leksvik, og befolkningsutviklinga er årsaka til kvifor kommunen sin økonomi har blitt så dårleg.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

Fryktar kutt som vil ramme sårbare personar

Sjølv om politikarane i kommunen enda er tidleg i kuttprosessen, trur varaordførar Knut Ola Vang (Ap) at det er lite dei kan gjere for å unngå fleire sviande kutt i tenestetilbodet til dei som bur i Indre Fosen.

– Vi har ikkje kunnskap nok enda om kva kutta vil innebere. Det er for tidleg å sjå kva politisk handlingsrom vi har, men eg trur det handlingsrommet er veldig lite, seier han.

– Kva kutt er du mest motvillig mot å gjennomføre?

– Enkelttiltak innan helse som rammar sårbare personar er det verste å gjere, det er der vi bør leite etter andre løysningar først meiner eg.

Under observasjon

Statsforvalteren i Trøndelag har allereie sett Indre Fosen under observasjon.

Dersom kommunen ikkje får orden på økonomien kan kommunen ende opp i Register om betinga godkjenning og kontroll (ROBEK-lista).

Då blir det statleg kontroll over årsbudsjett, opptak av lån og langsiktige leigeavtaler fram til kommunen har gjennomført nødvendige tiltak som får økonomien i balanse.

Siste fra Trøndelag