To personar til sjukehus med luftambulanse etter båtulukke på Hitra

Ein fritidsbåt med fire utanlandske fiskarar køyrde på eit skjær utanfor Hitra i Trøndelag.

BÅTULUKKE: To personar er sendt til sjukehus med luftambulanse etter at ein båt køyrde på eit skjær utanfor Hitra.

Alle fire personane kom seg på land. To av dei er frakta til St. Olavs hospital med luftambulanse.

Skadeomfanget er ukjent.

Ulukka skal ha skjedd ute i skjergarden nordaust for Dolmøya på Hitra.

Utanlandske fiskarar

– Det var fire utanlandske fiskarar i 40-åra, fortel operasjonsleiar Bjørnar Gaasvik i Trøndelag politidistrikt til NRK.

Politiet var framme på staden like før klokka 14.

Dei vart varsla like etter klokka 13 – tre kvarter etter at ulukka skjedde.

To personar uskadde

– Det verkar som det går bra med dei to personane som ikkje vart sendt til sjukehus. Patruljen på staden er i dialog med dei no, for å forsøke å kartlegge kva som var årsaka til hendinga, fortel Gaasvik.

Politiet gjer også andre undersøkingar.

– Vi har informasjon om vitne på staden, så vi skal få kartlagt godt etter kvart, legg han til.