NRK Meny
Normal

To unge omkom i trafikken i Snillfjord

Det var Sigurd Sæther-Grøttebakk (18) og Karina (Maja) Mosand Ulvær (19), begge med tilhørigheit på Hitra, som omkom i trafikkulykka i Snillfjord fredag ettermiddag.

Trafikkulykke Snillfjord

Fylkesveg 714 i Sør-Trøndelag var stengt i mange timar fredag kveld, etter den stygge møteulykka i Snillfjord.

Foto: Bjørn Henry Bremnes

Dette opplyste lensmann Arild Solli under minnemarkeringa på Hitra laurdag, der avisa Hitra-Frøya var til stades. Dei to ungdomane budde no saman i Klæbu utanfor Trondheim.

Det var i Slørdalen på fylkesveg 714, ulykka skjedde, og dei to omkom på staden, ifølgje politiet.

Personbilen dei to satt i kolliderte med ein lastebil. Sjåføren i lastebilen slapp frå ulykka utan større skadar. Lastebilen trefte personbilen i sida og det tyder på at personbilen med dei to kan ha fått ein skrens, men politiet vil førebels ikkje seie meir om årsaka til ulykka.

Kriminalteknikarar og ulykkesgruppa til Statens Vegvesen arbeidde på ulykkesstaden fredag kveld for å få oversikt over mulege årsakar så raskt som råd.

Det var ekstremt glatt på staden der ulykka skjedde, og vegen var stengt i fleire timar etter ulykka.

Opnar kommunehuset på Hitra

Hitra kommune opna kommunehus laurdag, ettersom dei to ungdommane er derifrå.

Ordfører Ole L. Haugen seier ulykka er djupt tragisk, og at kommunen no vil gjere alt dei kan for å vere ei støtte for dei pårørende.

Kommunen har også etablert kriseteam som arbeider saman med politiet og kyrkja, slik at etterlatte og sørgande kan få hjelp og støtte.

Video fra Trøndelag

Om få uker er en ny film som dokumenterer 100 Rosenborg -år klar
Fjellklatreren Adam Ondras suksess i Hanshelleren har gitt Flatanger omtale langt utenfor Norges grenser.
Sverre Magnus Selbach fikk oppfylt fiskedrømmen da han fikk en 1,8 meter lang svartskate på kroken i Trondheimsfjorden.