NRK Meny
Normal

To kvinner sat vêrfast på Bringen grunna tåke

To kvinner i 20-åra kom seg ikkje ned frå Bringen grunna tåke. Politi og Røde Kors rykka inn, og begge er no funnen i god behald.

Laster kart, vennligst vent...

To kvinner i 20-åra sit vêrfast på Bringen, mellom Selbu og Haltdalen.

– Vi har ikkje fysisk kontakt med dei endå, men politiet er ikkje så langt unna, seier operasjonsleiar ved Sør-Trøndelag politidistrikt, Astrid Metlid.

Kvinnene sit vêrfast på Bringen, mellom Selbu og Haltdalen. Det skal vere tett tåke og regnvêr i området. Politiet fekk melding om situasjonen i 15-tida.

I samråd med Hovudredningssentralen er politiet og Røde Kors på staden. Operasjonsleiar seier at dei har telefonkontakt med kvinnene.

19.41 melder politiet på Twitter at kvinnene er funnen i god behald.

Laster Twitter-innhold

Video fra Trøndelag

Midtnytt
F-35 flyr over Ørland hovedflystasjon
I Storlidalen i Oppdal er de allerede i gang med å lage skiløyper.