Hopp til innhold

Hans Rotmo: – Eg var ikkje kommunist

– Eg var grøn snarare enn raud, seier Hans Rotmo, førti år etter at Vømmøl Spellmannslag provoserte politisk og mellom anna terga på seg Arbeidarpartiet. Her kan du høyre historia bak dei fleste vømmøllåtene!

Vømmøl Spellmannslag

Fra venstre Leiv Prestvik, Hans Rotmo, Hans Løkken og Geir Solheim. Samfundet førjulsvinteren 1974.

Foto: foto.samfundet.no

Kjenneteiknet til vømmølmusikken var at musikken var smidd på tradisjonelt vis med røtter i folkemusikken, hovudinstrumenta var gitar, bass, mandolin og fiolin. Tekstane var stort sett på dialekt, og dei handla om folk og hendingar i Vømmøldalen, som var ei fiktiv bygd i Noreg.

Høyrer ikkje til ei bestemt politisk fløy

Hans Rotmo

Hans Rotmo, frontfigur og tekstskrivar i Vømmøl Spellmannslag.

Dei aller fleste låtane hadde humoristiske poeng, men nokre var også klart politiske. Vømmøl Spellmannslag har i seinare tid blitt assosiert med venstresida i norsk politikk.

Rotmo, som sto for tekstane, har i nyare tid blitt kritisert for å ha forlate AKP-ml-synet og kjøpt seg feriehus i Spania. Han har i tillegg gitt ut songar som har skapt ein stor rasismedebatt.

Rotmo sjølv seier at han ikkje høyrer til ei bestemt politisk fløy.

– Eg har i førti år skapt songar det blir brudulje om. Det er ei gåve eg har fått. Da må eg ikkje gå inn og misbruke den ved å sende ein stemme i ein bestemt politisk retning. Eg registrerer at folk meiner at eg har gått frå venstre- til høyreekstremisme. Men eg har aldri vore nokon av delane.

– Vi var to raude og to grøne i Vømmøl Spellmannslag, seier Hans Rotmo.

Rotmo: – Dei raude i bandet dikta vidare

Vømmøl Spellmannslag

Vømmøl Spellmannslag i 'vømmølåret' 1974. Leiv Prestvik, Hans Rotmo og Hans Løkken.

Foto: foto.samfundet.no

Dette trass i at nokre av låtane frå vømmøltida er klart politiske, mellom anna songen om «Arbeidslaget hans Johannes Johansen», der bandet kritiserer Arbeidarpartiet og LO for å hauste æra for samfunnet som arbeidsfolk bygde opp.

– Dette var ei låt som vart til fordi vi mangla ei hitlåt da vi skulle gå i studio for å spele inn plate nummer to, seier Hans Rotmo.

Første gongen han spelte songen for resten av gruppa, skjønte dei at dei hadde hit’en.

Men den gongen slutta songen med å hylle dei «som falt under krigen, i trefningen ved Vømmøl bru». Siste strofa vart såleis: Kæm reist dæm ein bauta over i 1947 – og svaret var arbeidslaget hans Johannes Johansen.

– Men dei gjekk jo «over the edge», Prestvik og Solheim. Dei begynte å dikte vidare: Kæm e det som legg ned kransa og snakke med fine ord – og hauste heile æra for det som arbeidslaga gjord’.Og svaret var «partipampan i LO og DNA», seier Rotmo.

– Eg prøvde å protestere, det bryt jo med refrenget, vi kan jo ikkje skifte refreng på slutten! Men eg fekk til svar at «Å jau da, alt kan gjerast! Proletariatet kan gjere kva som helst!»

Norsk dokumentarserie. (5:10)
Vi fortsetter reisen gjennom 1970-tallet. Hjulpet av NRKs fjernsynsarkiv får vi et møte med hvert av årene i det brun-orange tiåret. Vi ledes gjennom året 1974 av Edvard Hoem, som debuterte med roman og ble nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Vi møter også Carl I. Hagen, som debuterte som stortingspolitiker, og Inger Lise Rypdal, som fikk spellemannpris som årets popartist og som debuterte på film.

Prestvik: – Ikkje særleg radikalt

Det var altså Geir Solheim og Leiv Prestvik som var dei raude i spellmannslaget.

Det bekreftar Prestvik.

– Eg har høyrt Rotmo seie det i ein del samanhengar, ja. Og det kan det vere noko i, seier han.

Prestvik er ueinig i at siste verset på Arbeidslaget hans Johannes Johansen braut med resten av songen.

– Eg syns ikkje det verka påklistra, heller ein naturleg konklusjon på det vi syng om. Dette er jo ei av dei få låtane som har eitt eller anna politisk innhald i klårtekst, seier han.

Når han ser tilbake på låtane i dag, syns han ikkje dei er spesielt provoserande.

– No til dags er vel ikkje innhaldet i vømmøllåtane radikalt nok ein gong for Senterungdommen, trur han.

Men på første halvdel av 1970-talet provoserte dei, mellom anna med låta om Johannes Johansen.

I eit liveopptak frå ein konsert på Samfundet i Trondheim i desember 1974, bytta dei ut «partipampan i LO og DNA» og song i staden om «partipampan hans Trygve Bratteli». Bratteli var statsminister på den tida.

– Vi fekk eit uoppretteleg konfliktforhold til Arbeidarpartiet etter den songen. Det tok vel tretti år før det vart i orden, seier Hans Rotmo.

Historia om vømmøllåtene

NRK Trøndelag har hausten 2014 sendt ein radioserie som tar for seg dei viktigaste vømmøllåtene, med intervju med Hans Rotmo og Leiv Prestvik. Hør dei her!