Hopp til innhold

Tjukkmjølk-mysteriet på Røros er løyst

I fem veker har ikkje Rørosmeieriet fått til å produsere den tradisjonsrike tjukkmjølka si - og grunnen til det har vore uviss. Men no synest mysteriet å vere løyst.

Tjukkmjølk Røros

Meieristyrar Trond V. Lund ved Rørosmeier (t.v.) overleverer nyprodusert tjukkmølk til Rema-kjøpmann på Røos, Nils Martin Tiedemann.

Foto: Bjørn Solli / NRK

– Denne ser jo fin ut - og smakar bra, seier meieribestyrar Trond V. Lund, som saman med NRK's reporter prøvesmakar det siste partiet som er produsert, 80-90 liter tjukkmjølk med rette konsestens.

Produksjonsstans i oktober

Det var tidleg i oktober at Rørosmeieriet – av eller annan grunn – ikkje fekk til å produsere tjukkmjølka si. Same kor dei prøvde, vart det korkje den rette syrninga eller den rette smaken.

Dette har vore som eit lite mysterium. I fleire veker no har ein måtta ty til avanserte vaske- og rensemetodar, med fleire testkøyringar for å prøve å få til det stolte produktet, som har har svært lange tradisjonar i Rørosområdet.

Truleg virus

– Vi trur det er virus vi har vore plaga med, seier meirieribestyraren.

– Det kan jo høyrast litt skremmande ut. Men vi trur virusen har angripe bakterien som lagar mjølka sur, forklarer Trond Lund.

– Tjukkmjølkkulturen – eller tettekulturen – er jo ein bakteriekultur som inneheld mange ulike bakteriar. Ein av dei lagar mjølka tjukk og lang og seig, den virkar. Men den bakterien som lagar mjølka sur, den har virusen angripe, seier Lund.

Kjerringvask

– Og no har vi hatt skikkeleg kjerringvask, seier Eskil Løkken, i det han vaskar og spylar containerar. Han og fleire andre tilsette har ofra julebordet denne hausten og stått på også i helger for å få bukt med problema – blant anna med ein spesiell "tåkevask" av heile anlegget.

Det er første gongen at det er blitt produksjonsstans av tjukkmølk på Røos, etter at dei i 1995 blåste liv i gamal tjukkmjølkkultur og starta produksjonen. Den gongen var det lyst ut konkurranse, og tre av bakteriekulturane som vart innlevert frå gardar i Rørostraktene vart valde ut, som grunnlag for produksjon av den tradisjonsrike tjukkmølka.

Har lykkast igjen

Og den siste prøveproduksjonen ser no ut til å ha lykkast igjen. Meieribestyraren tømmer litt frå kartongen som tjukkmjølka har stått og godgjort seg på i ca. eitt døgn, og kan konstatere at den er tjukk og fin. Og når han smakar, er det heller ikkje noko gale med smaken.

Tjukkmjølk Røros

Produksjon av tjukkmjølk er både ein liten vitenskap - og lang tradisjon. I tidlegare tider vart bakteriekulturen oppbevart i eit tørt tøystykke rundt på gardane. Den vart ofte også putta i ein konvolutt og sendt til USA.

Foto: Bjørn Solli / NRK

– Veit du, den her var så god som det er lenge sidan vi har hatt, seier Trond Lund fornøyd, og synest jammen at tjukkmjølka smakar betre enn då dei avbraut produksjonen.

Fleire hundre år gamal kultur

Dermed ser det igjen lyst ut for tjukkmølka frå Røros. Og no skal dei prøva og læra av dette, og sikra seg mot avbrot i produksjonen seinare. Også DNA-analyse frå Norges miljø- og biovitenskaplige universitet på Ås skal hjelpe til i så måte. For når det gjeld å ta vare på tjukkmølkkulturen blir ingenting overlatt til tilfeldighetene.

Og ser ein dette i litt lengre perspektiv, handlar det om ein fleire hundre år gamal kultur. Tjukkmjølkkulturen kom opphaveleg frå tettegras-planten, og vart gjerne oppbevart rundt omkring på gardane i eit tørt klede.