Hopp til innhold

Tirhas truleg drepen med kniv - blod funne i bilen til sikta ektemann

Politiet meiner Tirhas Tekle Kiflay (33) vart drepen heime hos seg sjølv med kniv. Kvinna vart funnen død i fjøra i Trolla utanfor Trondheim 7. april.

Tirhas Tekle Kiflay

FUNNEN DØD: Det var 33 år gamle Tirhas Tekle Kiflay som blei funnen død i fjæra i Trondheim.

Foto: privat

Politiet kom torsdag med nye opplysningar i drapssaka. Den endelege obduksjonsrapporten er ikkje klar. Men i pressemelding skriv politiadvokat Eli Reberg Nessimo:

Dødsårsaka er stikk-, kutt, og skjæresår, sannsynlegvis påført med kniv. Det er funnet blodspor med avdødes DNA i leilegheita.

Blod i bilen til ektemannen

Politiadvokat Eli Reeberg Nessimo opplyser til NRK at det også er funne blodspor med DNA frå avdøde i bilen til den sikta ektemannen. Politiet meiner Tirhas vart drepen heime.

Fleire knivar som er funne i leilegheita er undersøkt av politiet. Det er ikkje opplysningar om at barna har vore vitne til hendinga eller at andre personar har vore involvert, opplyser Reberg Nessimo.

Opplysningar knyter også telefonen til den sikta til funnstaden i Trolla ved eitt høve etter 28. mars.

Det var den dagen Tirhas forsvann, ifølgje ektemannen. Han har forklart at ho drog heimanfrå tidleg på morgonen 28. mars og hadde sagt at ho skulle til Sverige.

Kvinne funnet død ved Trolla, Trondheim. Politiet ønsker i denne sammenheng informasjon om en VH-registrert Mitsubishi Outlander, 2010-modell.

FAMILIEBILEN: Politiet har spurt etter opplysingar om bilen til familien som er ein Mitsubishi Outlander 2010-modell.

Foto: Politiet

Nektar å ha noko med drapet å gjere

Han køyrde også mot Storlien på svenskegrensa laurdag 29. mars. Ifølgje han sjølv for å sjekke om han kunne kome inn i Sverige og leite etter henne. Men på grunn av koronasituasjonen let ikkje det seg gjere, har han forklart.

31. mars melde han henne sakna.

Ektemannen vart pågripen 7. april og har sete i varetekt sidan.

Onsdag fekk sikta innsyn i dokumenta som så langt har vorte haldne hemmelege for han av omsyn til etterforskinga. Forsvarer Kolbjørn Lium seier til NRK at sikta framleis nektar for å ha noko med drapet å gjere.

Han har gått med på varetektsfengslingane fordi han meiner det er viktig for politiet å finne ut kva som har skjedd med kona, opplyser Lium.

Vil ha fengsling til rettssaka

Etterforskinga er snart ferdig. Politiet ønskjer no å halde ektemannen i varetekt fram til rettssaka som er fastsett til 12. oktober i Sør-Trøndelag tingrett.

– Vi meiner det vil støyte rettskjensla og skape frykt dersom sikta ikkje blir sittande i varetekt. Det er mindreårige barn innblanda. Det er også mange i omgangskrinsen og lokalmiljøet som er opprørt over saka.

Om andre enn ektemannen kan stå bak drapet, seier Reeberg Nessimo:

Vi har gjennomført ei brei etterforsking med ulike hypotesar. Men vi har ikkje grunn til å tru at andre er innblanda eller har kjennskap til det som har skjedd.

Kvinne funnet død ved Trolla, Trondheim

FUNNEN I FJÆRA: 33-åringen blei funnen død i fjæra i Trolla utanfor Trondheim i april i år.

Foto: Bjarte Johannesen / NRK