Hopp til innhold

Tiltalte vart også dårleg: Same gift funne i blodet hennar etter at ho kom ut frå varetekt

Kvinna som er tiltalt for drapsforsøk med gift, vart sjølv dårleg og måtte på sjukehus eit halvår etter at ho vart sikta. Blodprøve viste spor av den same gifta som vart funne i eksmannen.

Skriv lagt fram i plantegift-rettsaken

TAKKEKORT TIL TILTALTE: Fornærma skreiv dette etter eit av dei siste sjukehusopphalda. Seinare fekk han vite at han var forgifta.

Foto: Privat

Ho nektar for å ha forgifta mannen med akonitin som finst i storhjelm og tyrihjelm. Han var akuttinnlagt elleve gonger i løpet av eitt år. To gonger hadde han hjartestans.

Tiltalte sat nesten fem månader i varetekt frå mai 2020 for å hindre at ho kunne øydeleggje bevis i saka. Etter at ho slapp ut frå varetekt vart ho sjuk to gonger.

Tiltalte vart sjuk, gifta funne i blodprøve

I retten sa ho at det kjendest som influensa. Andre gongen trudde ho at det var korona.

Tiltalte fekk blodtrykksfall, svima av og vart henta av ambulansen.

På sjukehuset bad ho om å bli testa for gifta akonitin. Dei to blodprøvene var postitive.

Ho var fleire gonger i huset der paret hadde budd for å hente ting etter at ho kom ut av varetekt. Deretter flytta ho til ein annan kommune.

Les også: Gifttiltalt kvinne: Tenkte ikkje at mannen kunne vere forgifta

Tørkete planterester, bevis i rettssak
Tørkete planterester, bevis i rettssak

Fann kort med takk for hjelpa

Kortet fann ho på ei seng i huset i oktober 2020. Det var underteikna med namnet til eksmannen.

Kvinna gav uttrykk for at det var sterkt å finne kortet etter alt som hadde skjedd.

Eksmannen har opplyst at han skreiv kortet til kona i april 2020 etter at han vart utskriven nok ein gong. Då visste han ikkje om forgiftinga som vart avdekt månaden etter.

Aktor, konstituert statsadvokat Eli Reberg Nessimo, opplyser til NRK at kortet ikkje vart funne då politiet ransaka huset då tiltalte vart pågripen i mai.

Usikker på korleis giftplanta hamna ved fellessøpla

Planten vart funnen av politiet bak fellessøpla då dei ransaka eigedomen i mai 2020. Tiltalte meiner ho aldri kasta planter i søpla, men har vanskar med å forklare korleis den hamna der.

Plante tilhørende hjelmslekt

GIFTPLANTE I SØPLA: Tiltalte er usikker på korleis den hamna der.

Foto: Politiet

Det var ei venninne av henne som såg planten på verandaen og som sa den var veldig giftig.

Tiltalte søkte då på nettet og viste resultatet til ektemannen:

– Den er veldig giftig, sa eg til han, forklarte kvinna i retten.

Ho søkte mykje på sopp og på planter, også dei som var giftige. Ho avviser at dette har med alle innleggingane til mannen å gjere.

Etterforskinga viste at ho hadde sletta søka frå mobilen sin inntil mars/april 2020.

Ho forklarte dette med at mobilen var så «treig» fordi ho hadde så mykje på den.

Politiet gjenoppretta søkehistorikken. Den viste at tiltalte hadde besøkt 301 nettsider som galdt forgiftning.

Nervgifta akonitin vart funne fleire stader i huset, mellom anna på to saftflasker som berre mannen drakk av.

Les også: Nervegift funne på drikkeflaskene til ektemannen

Gift fra denne drikkeflasken
Gift fra denne drikkeflasken

Hadde ikkje tilgang til bank-ID og passord for mannen

Ekskona er også tiltalt for å ha tatt opp lån på nesten 1,2 millionar kroner i namnet til fornærma. Dei to brukte kvarandre sine mobilar. Men tiltalte avviser at ho hadde tilgang til bank-ID og passord for mannen.

Mange e-postar viser kommunikasjon med lån- og kredittselskap. Nokre av e-postane er sende frå tiltalte sin e-post, andre frå fornærma.

Tiltalte kan ikkje hugse om ho hadde hans e-postkonto på mobilen sin.

Då ho vart pågripen var det ein open app på mobilen hennar som gjekk rett til e-postkontoen til mannen.

Politiet fann også 201 tekstmeldingar frå kredittselskap.

Tiltalte seier ho etter kvart vart lei av alle SMS-ane og at ho ikkje brydde seg.

Avviser å ha utgjeve seg for mannen sin på telefon

Ein telefonsamtale med ein bank om lån er spelt av i retten. Ein person presenterer seg som fornærma. I retten kalla han det «svindel»

Aktor spør tiltalte:

– Tenkte du ikkje at det liknar på deg?

– Nei, det gjer det ikkje, svarer kvinna.

På spørsmål om det kan vere eksmannen hennar, svarer tiltalte:

– Nei, det er heilt ukjenneleg svarer kvinna.

I politiavhøyr meinte ho det kunne vere ein mannleg slektning som snakka. Det trur ho ikkje lenger.

Ho meiner eksmannen er mykje betre på data enn det han gav uttrykk for i retten.

Lege: – Særs dramatisk

Det var St. Olavs hospital som varsla politiet om saka. Det skjedde i mai 2020 etter at fornærma hadde vore innlagd fleire gonger.

Ole Christian Mjølstad, seksjonsoverlege ved klinikk for
hjartemedisin, vitna i retten måndag ettermiddag.

– Særs dramatisk situasjon, sa overlegen om innleggingane med hjartestans.

Han sa dette er noko av det mest krevjande han har vore borte i som lege.

Rytmeforstyrringane var «mystiske». Etter hjarte-lungeredning og mange elektrosjokk kvikna fornærma til igjen. Det vart ikkje funne noko feil med hjartet.

Etterkvart byrja Mjølstad å tenkje på om det kunne vere andre forklaringar.

Ved siste innlegginga sjekka han faglitteratur om hjarterytmeforstyrringar, nummen i tunge og munn og lammingar i andlet.

Då fann han opplysningar om forgiftning med akonitin:

– Det var identiske symptom med det pasienten hadde, sa Mjølstad i retten.

Blodprøvene vart for første gong sjekka for giftstoffet og ga utslag.

Same dag varsla han politiet om at det var snakk om ei forgifting.

Vart sjuk etter at kona ga han ein baguette

Berre ved eitt tifelle vart fornærma sjuk igjen mens han var innlagt. Det skjedde like etter at kona hadde besøkt han og gitt han ein baguette ho hadde kjøpt i kantina på sjukehuset.

Mjølstad sa at sjukdomshistoria til fornærma gjekk sterkt inn på han som lege sidan det tok så lang tid før dei fann årsaka. Å sende pasienten heim igjen utan å vite årsaka, hadde legane ikkje lyst til.

Legen oppfatta tiltalte som omsorgsfull og bekymra over ektemannen på sjukehuset.

Mjølstad avviste spørsmåla frå forsvarane om at hjartestansen kunne skuldast medisinar, nyresvikt og andre plager som fornærma har hatt.

– N.N.(fornamn på fornærma, journ. merknad) er hjartefrisk. Det er ikkje noko feil med hjartet hans, sa overlegen.

Han har seinare operert ut igjen hjartestartaren som vart lagt inn i mars.

Nektar for å ha vore på rømmen

Då kvinna i slutten av juni 2021 formelt skulle informerast om at ho var tiltalt for drapsforsøk, var ho ikkje å finne på adressa dit ho hadde flytta.

Politiet la ned eit stort arbeid for å finne henne og ho vart etterlyst.

Les også: Gifttiltalt kvinne forsvunne – blir etterlyst internasjonalt

Bank-ID
Bank-ID

På spørsmål frå forsvarar svarte kvinna at politiet kunne sendt henne tiltalen via Altinn.

Ho avviste at ho vart borte for å unngå å bli straffa.

Ho var på tur ulike stader i landet, forutan ei vekes tid hos ein ven i Sverige, sa ho i retten.

Bistandsadvokat Vibeke Meland ville vite korleis ho brukte pengar på turane.

Tiltalte sa ho både brukte sitt eige kort og sikkert også kontantar.