Her nektar mannen å stanse for politiet – retten meiner han «konspirerer mot politiet»

Mannen i slutten av 40-åra er på nytt dømt for å ha filma og sjikanert politiet og publisert det på sosiale medium. Tiltalte er ein del av ei større gruppe som «konspirerer mot politiet», meiner retten.

Men bilføreren lar seg ikke affisere.

NEKTA Å STANSE: Mannen har ved fleire tilfelle køyrt utan gyldig førarkort. Denne videoen viser at politiet låg bak mannen i fleire minutt med blålys og sirener, utan at mannen stansa. Eit av køyretøya han brukte skulle også ha vore avskilta. Ein lengre versjon vart vist i retten.

Gjennom fleire år har politistyrken i Orkland hatt mange møte med tiltalte mens dei var ute på oppdrag.

I 2017 vart han dømd til 13 månader i fengsel for å ha motarbeidd rettsvesenet etter Straffelova 157.

Halvparten måtte han sone. Han fekk også forbod mot å oppsøke lensmannen privat.

I januar i år filma tiltalte på nytt politifolk i Orkland mens dei var i ferd med å handheve lova i straffesaker som galdt han sjølv. Han la ut videoar på YouTube og Facebook med teksten:

«Har klovnene har startet krig IGJEN».

Han publiserte også bilete av registreringsnummer på privatbilane til polititilsette og skreiv:

PURKEN ER SKURKEN. Trodde de hadde dårlig med resurser i Politiet, for meg så virker det som de vil sprenge budsjettet sitt ... Er det det de ønsker ... Ja, ja. Er dere med på leken, får dere tåle steken. Øye for øye, tann for tann?!'

Retten: «Konspirerer mot politiet»

Også i rettssaka i august vitna lensmann Tor Kristian Haugan i retten. Om framferda til tiltalte sa Haugan:

– Tiltalte gjer dette for å gjere det så byrdefullt for politiet at han håper dei på eit tidspunkt snur seg bort.

Men Haugan var klar på at politiet ikkje kunne oversjå lovbrot fordi det ville sende feil signal til andre.

Tor Kristian Haugan, lensmann i Orkdal, sitter på kontoret sitt.

FLEIRE FILMAR: Lensmann Tor Kristian Haugan er ein hyppig gjengangar i filmane som tiltalte har produsert og lagt ut på Facebook og YouTube sidan 2009.

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

Tiltalte har fleire vener som via sosiale medium også produserer videoar der dei kritiserer politi og rettsvesen.

I domen viser Sør-Trøndelag tingrett til dette miljøet og skriv mellom anna:

«Det vises her til at det synes å være en større gruppe personer som konspirerer mot politiet på de foraene sjikanen overfor politiet fremsettes.»

– Det å filme politiet kan jo vere ein demokratisk rett for å føre kontroll med kva dei gjer, sa aktor John Sødahl Furunes i retten.

Han viste til USA der filming har vore med på å avdekkje lovbrot.

Men i denne saka er det rett å nekte tiltalte å filme, fordi føremålet er å hetse og sjikanere politifolk, sa Furunes.

Dømd for elleve brot på Vegtrafikklova

Aktor la til at han sjølv har tenkt på kva han kan forvente etter at han har vore aktor i denne saka.

Tiltalte vart i tillegg dømd for elleve brot på Vegtrafikklova, mellom anna fire tilfelle for køyring utan gyldig førarkort.

Når politiet vil stanse han, går det heller ikkje utan problem.

Ein video vart vist i retten der politiet ligg på hjul i fleire minutt med blålys og sirener.

Eit av køyretøya han brukte skulle også ha vore avskilta.

Politiadvokat John Sødahl Furunes

RETT Å NEKTE: – I denne saka er det rett å nekte tiltalte å filme, fordi føremålet er å hetse og sjikanere politifolk, sa aktor John Sødahl Furunes i retten.

Foto: Stein Lorentzen / NRK

Må sone heile den førre fengselsstraffa.

Domen frå 2017 var på 13 månaders fengsel.

Halvparten av straffa slapp han å sone om han ikkje gjorde nye lovbrot dei neste fem åra. Sidan det likevel skjedde, blir resten av fengselsstraffa tatt med i den nye domen.

– Det må reagerast strengt sa aktor. Sør-Trøndelag tingrett er samd og skriv i domen:

Særlig gjelder dette hvor tiltalte nå viser at den tidligere straffen for tilsvarende forhold ikke har vist en avskrekkende effekt. Av allmennpreventive hensyn er det også viktig at straffen er en følbar reaksjon.

I tillegg til 90 dagars fengsel for filminga og publiseringa, vart tiltalte dømd for å ha dytta ein politibetjent og for brota på vegtrafikklova.

Samla straff med den tidlegare domen vart derfor fengsel utan vilkår i 10 månader.

Støttar «Frimannsrørsla»

Orklandsmannen er også velkjent for andre tilsette i politi- og rettsvesen i Trøndelag. Han har publisert opptak av fleire telefonsamtaler der temaet er Staten mot individet. Han er tilhengar av «Frimannsrørsla» som oppstod i USA. Då han var i retten i 2017, nekta han å oppgje namnet sitt for domaren.

Tilhengarane meiner Staten eig alt, også namnet og personnummeret ditt. Konsekvensen er at dei ikkje ser på seg sjølve som statsborgarar og dermed heller ikkje har plikt til å betale skatt eller innfri lån. Og domstolane er ein del av konspirasjonen mot individa, meiner dei.

Då Orklandsmannen ikkje møtte til rettssaka i august, drog politiet for å hente han. Men ingen var heime og domaren bestemte at saka skulle gå utan tiltalte.

Politiet i Orkland har freista å forkynne domen for tiltalte denne veka, men utan hell så langt. Heller ikkje då tiltalen i denne saka skulle overleverast, fekk politiet kontakt med mannen heime. Først då dei trefte på han tilfeldig, vart han formelt gjort kjend med tiltalen.

NRK har freista å få ein kommentar frå domfelte, utan hell.