Hopp til innhold

Tiltalt meiner rommet var for trongt til overgrep

I ei lita bygd i Trøndelag har det i mange år gått rykte om festane på garden til tiltalte. No fortel unge menn om seksuelle overgrep mens dei var fulle og sov.

FOR TRONGT: Tiltalte meiner eit vitne til overgrep ikkje forklarer seg sant. Her stod det tidlegare ei seng langs veggen ved vindaugo til høgre. Foto: POLITIET

FOR TRONGT: Tiltalte meiner eit vitne til overgrep ikkje forklarer seg sant. Her stod det tidlegare ei seng langs veggen ved vindaugo til høgre.

Foto: Politiet

Tiltalte som er i slutten av 40-åra, nektar straffskuld og meiner motivet for skuldingane kan vere å få erstatning.

Ope hus med mykje alkohol og skjenking av mindreårige

Handlingane skal ha skjedd frå 2011 til 2016, ifølge tiltalen frå Statsadvokaten. Tiltalte utførte ufrivillig oralsex på dei fornærma, som i straffelova er seksuell omgang i form av valdtekt.

Alle dei fire fornærma oppheldt seg mykje på garden på delvis ulike tidsrom i løpet av desse åra. Mennene, som i dag er i midten av 20-åra, overnatta ofte, nokre deltok også i gardsarbeidet.

I Sør-Trøndelag tingrett fortel dei om mange festar og «ope hus». Mange tok med seg vener etter at festryktet spreidde seg i området. Deltakarane var frå 14 og oppover.

Tiltalte serverte gjerne karsk (brennevin, ofte heimebrent og kaffi) som velkomstdrink, ifølgje dei fornærma. Det var også mykje alkohol tilgjengeleg. Nokre tok med sin eigen, andre kunne forsyne seg fritt. Det var ikkje uvanleg at festdeltakarane overnatta på garden.

Domar Eirik Lereim, meddomarar Ragnhild Eggerud (t.v) og Helge Holl i Sør-Trøndelag tingrett.

NEKTAR STRAFFSKULD: Domar Eirik Lereim, meddomarar Ragnhild Eggerud (t.v.) og Helge Holl i Sør-Trøndelag tingrett. Tiltalte nektar straffskuld.

Foto: Skjermdump

– Byrja å hate meg sjølv

Mannen som seier han vart utsett for mellom 15 og 20 overgrep, var 16 år då han byrja å vere på garden.

Første overgrepet skjedde etter at fornærma hadde sove nokre timar på eit rom. Han vart lagt der fordi han var så full at han var nærast «medvitslaus», seier han i retten.

Han vakna av at tiltalte tok han på penisen. Fornærma reiste seg opp, var forbanna, sjokkert og ville ut. Han vurderte også å hoppe ut av vindaugo. Tiltalte blokkerte døra og sa det ikkje var noko anna ledig rom. Det enda med analt samleie med fornærma. Ifølgje han, sa tiltalte at fornærma ikkje kunne vete om han likte det før han hadde prøvd.

Dei andre overgrepa som skjedde i løpet av dei neste to åra var oralsex.

– Eg byrja på hate meg sjølv etter det første overgrepet. Eg kjende meg lurt og skamma meg. Eg er ikkje homofil, seier den unge mannen frå vitneboksen.

Han seier tiltalte truga med å fortelje bygda at fornærma var homofil, om han sa noko om det som skjedde mellom dei.

Hevdar dei såg overgrep

Etter ein fest la eit kjærastepar seg på eit av romma. Dei kjende godt til huset etter mange besøk. Ut på natta vakna kvinna av at ein av dei andre fornærma kom inn på rommet som han vanlegvis sov på. Då han oppdaga at senga var opptatt, la han seg på golvet. Etter ei stund kom tiltalte inn.

Ifølgje paret såg dei begge at han bøygde seg ned mot tiltalte, opna buksa og utførte oralsex.

– Har du nokon gong vore i tvil om kva du såg?, spør aktor det kvinnelege vitnet.

– Nei, aldri.

Etterpå slepte eller bar tiltalte fornærma ut av rommet.

Ei anna ung jente sov ei natt i same seng som ein av dei andre fornærma. Vitnet vakna av dyna som rørte på seg. Ho oppfatta det som om han «kosa med seg sjølv» som ho uttrykte det i retten. Fornærma har forklart at han vakna av oralsex og høyrde ei stemme seie:

– Slapp av, det er berre NN (namnet på jenta, red.anm)

Men då han såg at ho låg med ryggen mot han, letta han på dyna, spente ifrå og såg tiltalte over seg.

Eit anna vitne fortel at tiltalte ein gong «prøvde seg på han» etter ein fest. Mannen vakna av at tiltalte freista å få av han buksa. Men vitnet snudde seg over på sida og gjorde det vanskeleg for tiltalte å kome til. Det enda med at tiltalte gav opp, og vitnet snakka aldri med han om det.

Romplan andre etasje, voldtektssak i Trøndelag

SKISSE AV SOVEROM: Dei fornærma har peika ut kva for nokre soverom dei låg på og der overgrepa skal ha skjedd. Teikninga er ei skisse og storleiken på romma er ikkje målt opp.

Foto: Politiet

– Truga med å skyte meg om eg fortalde

Alle dei fire unge mennene er prega når dei forklarer seg i retten. To av dei må dei ta pausar fordi dei byrjar å gråte. Når dei vitnar, må tiltalte sitte i eit anna rom med videooverføring etter krav frå bistandsadvokat og aktor.

Dei fortalde ikkje andre om hendingane då, eller konfronterte tiltalte. Unntaket er han som fortel om minst 15 overgrep. Han fortel at han ein gong konfronterte tiltalte med det han hadde gjort. Men tiltalte sa at han og ein annan av dei fornærma også hadde «gjort det» og at det var ingenting å skamme seg over.

– Eg vart forbanna og storma ut, trudde ikkje på han, seier fornærma.

Samstundes snakkar alle fire i positive ordelag om korleis tiltalte tok seg av dei på garden. For nokre var han ein god ven eller ein farsfigur, seier dei.

På spørsmål frå aktor om tiltalte nokon gong truga dei til å ikkje fortelje, svarer den eine:

– Han truga med å skyte meg, og eg visste at han hadde hagle på garden.

Tre av dei slit i dag med psykiske problem, rus, traume og depresjon. Behandlarane meiner dette i hovudsak skuldast overgrepa.

Mannen som fortel om minst 15 overgrep, seier i retten:

– Eg var jo berre eit barn. Eg var livredd. Hadde ingen musklar til å stå imot og skammar meg når eg står her i retten.

For trongt for overgrep

Tiltalte forklarer seg svært konkret om kven som var på garden ved ulike festar. Stort sett stadfester han det dei fornærma seier om når festane var. Men han nektar for å ha hatt noko seksuelt forhold til ungdomane.

Om overgrepet som kjærasteparet skal ha sett, viser tiltalte til at sengegavlen stod berre 20 cm frå veggen på golvet der fornærma låg.

Tiltalte meiner det var for trongt til at han kunne ha kome til der og gjere overgrep. Rommet er i dag ominnreia på biletet som aktor legg fram i retten. Forsvarer bad ved starten av rettsforhandlingane at retten skulle dra på synfaring til garden. Domar Eirik Lereim avslo og meiner teikningar og bilete av romma er tilstrekkeleg for å belyse saka.

Tiltalte avviser alle former for trugsmål dersom dei fortalde noko til andre.

Han er homofil, noko han visste at han var då han gifta seg og fekk barn, seier han. Han vart skilt og stod fram i lokalavisa for mange år sidan som homofil.

– Eg har vorte kalla «homojævel» og meir til, seier tiltalte og meiner mange i bygda ikkje tolererer homofile.

Om kvifor dei fornærma skulle lyge, svarer tiltalte at kanskje dei gjer det for å få erstatning.

For nokre år sidan stod den no tiltala fram i ei avis og fortalde korleis det var å vere homofil i bygda.

AVISINTERVJU: For nokre år sidan stod den no tiltala fram i ei avis og fortalde korleis det var å vere homofil i bygda.

Foto: Faksimile

Omfattande etterforsking

Dei fornærma melde tiltalte til politiet ved ulike tidspunkt. Dei to første var i 2016 og 2017. Begge sakene vart lagt bort av statsadvokaten fordi det ikkje var nok bevis. I 2018 kom den tredje saka. Den fjerde ungdomen vart kontakta av politiet etter at det kom opplysningar om at han også kunne ha vore misbrukt. Dei to tidlegare sakene vart tatt opp att og mannen vart sikta og varetektsfengsla i september i fjor.

Mellom 60 og 70 vitne er avhøyrde gjennom halvtanna år får NRK opplyst hos politiet.

Tiltalte er tidlegare dømt for eit tilfelle av seksuell handling med ein 15 år gamal gut. Det skjedde i 2012 på garden i samband med ein fest. Tiltalte erkjente å ha vore på rommet, men sa i retten at han hadde «blackout» og nekta straffskuld. Han vart dømd til 75 dagars fengsel, 15 av dei måtte han sone.

Dei nye tilfella skal ha skjedd både før og etter denne domen.

Påstand om sju års fengsel

Måndag la aktor, statsadvokat Per Morten Schjetne ned påstand om sju års fengsel. Aktor meiner bevisbiletet er «massivt».

– I tillegg til forklaringane frå dei fornærma og journalar frå dei som har behandla ungdomane i ettertid, har vi minst to vitne som fortel at dei har sett tiltalte forgripe seg, seier aktor.

Forsvarer Morten Aalberg meiner tiltalte er offer for bygdesladder og fordomar.

– Er du homofil, er du også pedofil, ifølgje mange i bygda, seier Aalberg i retten.

Aalberg stiller også spørsmål ved truverdet til dei to av dei fornærma.

– Dei byrjar å snakke om dette først mange år etterpå. Vitna til overgrep har også tilpassa forklaringane sine undervegs mens politiet etterforska, seier forsvararen. Han la ned påstand om full frifinning av tiltalte.

Han fekk høve til ein sluttreplikk og sa då:

– Eg håper det er siste gongen eg er i tinghuset og at eg får fred og ro i bygda.