Hopp til innhold

Tiltalt for misbruk av stillinga – skal ha hatt sex med psykiatrisk pasient

Kvinna fortel om seksuelle overgrep i halvtanna år mens ho var innlagd i psykiatrien. Vrangførestillingar, meiner den tiltalte miljøarbeidaren.

På denne benken skjedde fleire av overgrepa, ifølgje fornærma.

OFTE PÅ TUR MED TILTALTE: På denne benken skjedde fleire av overgrepa, ifølgje den fornærma.

Foto: Kari Sørbø / NRK

Sist veke starta rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett. Mannen i 40-åra er tiltalt etter paragraf 295 i straffelova for å ha utnytta stillinga si for å oppnå seksuell omgang.

Masturbering og samleie

Tiltalte og fornærma var mykje i lag når han var på jobb. Han spela biljard og kort med henne og tok henne med på tur i nærområdet.

Ifølgje tiltalen skal miljøarbeidaren både masturbert pasienten og hatt samleie. Mange av overgrepa skjedde utandørs på ein benk, ifølgje fornærma.

– Det starta med klemmar som vart lengre og lengre. Ein dag kyssa vi. Etter kvart byrja han å onanere meg, sa kvinna i retten.

– Eg kjende det som om eg måtte vere snill med han når han var så snill med meg. Det var som ein flørt mens eg var innlagd.

Ho sa også at ho ikkje var forelska i han.

Då ho sende SMS-ar til venninner om det som skjedde, byrja ho å tenke at forholdet kunne vere gale fordi han jobba der. Men dei heldt fram med å møtast som før.

Lang sjukehistorie

Kvinna vart første gong innlagd på grunn av eteforstyrringar, sømnmangel og sterk angst. Ho fekk diagnosane ADHD og bipolar.

Når ho var manisk vart ho ofte lagt i reimar for å unngå å skade seg sjølv eller andre.

Ho påstod at ho hadde fått chippar operert inn under huda, at ho var overvaka og at verda var styrt av USA og Russland.

Ifølgje journalane fekk ho elektrosjokk minst 50 gonger. I dei depressive periodane ville ho ta livet sitt.

«Fremstår som massivt psykotisk», «konstante vrangforestillinger», «presenterer konspirasjonsteoriar», «seier ho har mark i kroppen».

Journalane hennar frå denne tida blir lesne opp i retten. Dei dokumenterer at kvinna fekk svært store dosar med antipsykotiske og roande medisinar.

Den tidlegare pasienten har lange dagar i Trondheim tinghus under rettssaka.

TØFFE DAGAR I RETTEN: At det tok to år før saka kom til retten har tatt på for den fornærma kvinna.

Foto: Kari Sørbø

Tiltalte sjokkert over skuldingane

Tiltalte vart kjend med pasienten like etter at ho vart innlagd. Dei hadde same humor og fann fort tonen.

– Eg hadde ein god relasjon til henne, sa tiltalte i retten.

Han avviste at han var tiltrukken av pasienten og nekta for å ha kyssa henne. Den tidlegare miljøarbeidaren vart sjokkert då han fekk vite at ho hadde meldt han til politiet.

– Eg er ein real person og har praktisert «learning by doing» i jobben, men eg har ikkje gjort noko ulovleg.

Han meiner andre på tur ville ha oppdaga dei. Innandørs var det heller ikkje lett å gøyme seg. Nokon kunne jo brått kome inn, til dømes på aktivitetsrommet, meinte tiltalte.

Han forklarer skuldingane hennar med vrangførestillingar eller falske minne.

På spørsmål frå aktor Eli Nessimo om tiltalte meiner fornærma snakkar usant svarer han:

– Ho snakkar sant ut ifrå si oppfatning.

Aktor Eli Nessimo(t.h.) og bistandsadvokat Erik Widerøe under saka i Sør-Trøndelag tingrett.

SØR-TRØNDELAG TINGRETT: Aktor Eli Nessimo (t.h.) og bistandsadvokat Erik Widerøe under rettssaka i Sør-Trøndelag tingrett.

Foto: Kari Sørbø

Traume etter alvorlege overgrep i tenåra

Kvinna var innlagd mange gonger ved den psykiatriske institusjonen i Trondheim. Medisinane hadde liten verknad. Ein ny lege trudde ikkje på diagnosane ho hadde fått. Medisinbruken vart stegvis nedtrappa.

Etter kvart kom ei tidlegare overgrepshistorie fram i lyset: Som tenåring skulle ho ha vorte utsett for alvorlege overgrep frå ein person som stod nær familien. Saka vart aldri meldt til politiet.

Overlegen sa i retten at slike pasientar gjer alt for å ikkje sove av frykt for nye mareritt om overgrepa.

– Sømnmangel er den lettaste måten å framkalle psykosar og vrangførestillingar på, sa overlegen.

Det var også til han fornærma fortalde om det som skal ha skjedd mellom henne og tiltalte.

Overlegen avviste i retten at dette kunne vere noko kvinna TRUR har skjedd.

Journalar er kryssjekka mot det fornærma har fortalt om når dei to var i lag på vaktene hans. Forsvarer Christian Wiig opplyste i retten at klienten hans har lese journalane for å bu seg til rettssaka. Fornærma har ikkje lese journalen sin.

Forsvarer Christian Wiig(t.v) og medforsvarer Ole Andreas Aftret

FORSVARAR: Christian Wiig er forsvarar for den tiltalte mannen i 40-åra.

Foto: Kari Sørbø

Politiet ville legge bort saka

Det er over to år sidan fornærma og St. Olavs hospital melde miljøarbeidaren til politiet. I fjor ville politiet legge bort saka på grunn av lite bevis.

Statsadvokaten i Trøndelag bad om meir etterforsking og tiltalen kom i april i år.

Det er sett av 14 rettsdagar i Sør-Trøndelag tingrett.

Nesten 50 personar skal forklare seg. Mange av dei er tidlegare kollegaer av tiltalte. Nokre er vitne for påtalemakta, andre for tiltalte.

Ingen skal ha sett konkrete seksuelle handlingar, ifølgje aktor.

Den fornærma kvinna er no i slutten av 20-åra. Ho utdannar seg og tek ingen medisinar mot psykiske plager. Dei tidlegare diagnosane er sletta. Men ho slit med traume og har fått diagnosen Posttraumatisk stressliding (PTSD.)

At det tok to år før saka kom til retten, har også tatt på. Ho klandrar seg sjølv fordi ho var med på det som skjedde.

– Eg trudde N.N. (namn på tiltalte, red.merknad) kom til å seie at det hadde skjedd og få straffa si. Då hadde eg sloppe å gå gjennom alt ein gong til. Det har vore, unnskyld – heilt jævlig, sa fornærma i retten.

Frå 2014 til og med i fjor har Helsetilsynet tilbakekalla autorisasjonen til 19 personar som jobba i psykisk helsevern. Av desse var 18 saker om seksuelle forhold til pasientar.