Hopp til innhold

Tiltalt for drap og draps­forsøk i Steinkjer

Ein mann i 30-åra er tiltalt for drap og to drapsforsøk etter at han køyrde inn i ei folkemengde i Steinkjer i påsken.

Søndag kveld var det lagt ned blomster i Steinkjer på stedet der 21 år gamle Sigve Bremset ble drept.

MINNESTAD: Kvelden etter var det lagt ned blomar i Steinkjer der 21 år gamle Sigve Bremset blei påkøyrd og drepen.

Foto: Lars Lilleby Macedo / NTB

Natt til 9. april køyrde ein mann med varebil opp på eit fortau og inn i ei folkemengde i Steinkjer.

Sigve Bremset blei berre 21 år og døde av skadane han blei påført i påkøyrselen.

No er mannen i 30-åra tiltalt for drapet på 21-åringen.

Det er Statsadvokaten som har tatt ut tiltale etter ordre frå Riksadvokaten, skriv Adresseavisen.

Les også Sigve døde etter påkjørselen i Steinkjer

Sigve Bremset

Også tiltalt for to drapsforsøk

Då mannen i 30-åra køyrde inn i folkemengda trefte han også ein mann og ei kvinne med varebilen.

Dette er han no tiltalt for to drapsforsøk for.

Anne Berit Lein, ordfører i Steinkjer, tenner lys etter påkjørselen i påska

Anne Berit Lein, ordførar i Steinkjer, legg ned blomar der påkøyrselen skjedde.

Foto: Eivind Aabakken / NRK

I tiltalen varslar statsadvokaten at det kan bli lagt ned påstand om forvaringsstraff.

Mannen erkjenner straffskuld, opplyste forsvararen til mannen, Anne Marstrander-Berg tidlegare til NRK.

– Han har forklart seg til dei spørsmåla politiet har stilt ham. Han har erklært straffskuld for det han er siktet for, men samtykker ikkje til fengsling, seier ho til NRK kort tid etter hendinga.

Det er planlagt at rettssaka mot den tiltalte 30-åringen skal gjennomførast i slutten av oktober.

Les også Mann (30) erkjenner straffskyld etter påkjørsel i Steinkjer

Ulykke Steinkjer

Hadde drukke vodka

Då mannen blei framstilt for varetektsfengsling i april forklarte 30-åringen at han hadde drukke vodka.

Dette begynte han med i 19:00-20.00-tida.

– Så har han drukke i byen og så veit han ikkje kva som skjedde då han drog derifrå, men han køyrer jo då den bilen han kom med, sa Marstrander-Berg.

– Eg hugsar så vidt at eg sette meg i bilen og køyrde til Steinkjer, forklarte den sikta mannen sjølv i retten.

30-åringen sa også i retten at han angra. Då han blei spurt om kva han angra på svarte mannen:

– At eg er ansvarleg for ein person sin død. At eg er så dum at eg fyllekøyrer, svarte 30-åringen.

Les også Drapssiktet i retten: Husker så vidt at jeg satte meg i bilen og kjørte til Steinkjer

Søndag kveld var det lagt ned blomster i Steinkjer på stedet der 21 år gamle Sigve Bremset ble drept.