Ein mann omkom i sprengingsulykka.
Ein 38 år gamal mann, som var skytebas i samband med arbeid i Vikatunnelen i Namsos, er tiltalt for uforsvarleg bruk av sprengstoff.
Han er også tiltalt for ei rekkje brot på tryggleiksreglane i forkant av spreninga.
38-åringen fyrte av ei dynamittsalve som resulterte i at ein 54 år gamal mann frå Namsos blei drepen. Den ukontrollerte eksplosjonen skjedde i februar 2003.
Sikta etter ransaking
Mannen blei sikta i samband med at politiet gjennomførte ei ransaking av mannen sin bustad.
Ei datamaskin og ein bilhengar med sprengstoff blei beslaglagt. Politiet gjekk gjennom beslaget og fann ikkje ein skrifteleg plan for sprengingssalvene.
Alt sprengingsarbeid skal ha ein skriftleg plan, som skildrar boring, lading, tenning og dekking for kvar enkelt salve.
Hovudentrepenøren for sprengingsarbeidet, Glømmen Entreprenør AS, har også fått eit førelegg på 80 000 kroner etter ulykka.
Letta regionvegsjef
Statsadvokaten i Trøndelag finn ikkje grunnlag for straff mot Statens vegvesen Region midt, verken mot verksemda eller mot tilsette i samband med sprengingsulykka.
- Det har vore ei bør for alle partar, som har vore ramma, å vente på statsadvokaten si avgjerd. Vi er difor svært letta over at den no er klar, seier regionvegsjef Elisabeth Schjølberg i ei pressemelding.
Ho legg til at Statens vegvesen er veldig glade for at etterforskinga til politiet og vurderinga til påtalemakta viser at det ikkje er gjort noko straffbar.
Rettssaka startar i Namdal tingrett i haust.