Hopp til innhold

Utvida tilsyn etter klagestorm mot familiesenter

Fylkesmannen varslar utvida tilsyn ved familiesenteret Viktoria i Trondheim etter klagestorm mot senteret.

Familiesenteret Viktoria

Familiesenteret Viktoria har fått mange klager frå familiar som trudde dei skulle få hjelp, men i staden mista omsorga for barna sine.

Foto: Anders Ulvolden / NRK

Jostein Magne Krutvik

Jostein Krutvik, assisterande utdanningsdirektør hos Fylkesmannen i Sør-Trøndelag.

Foto: Pressefoto

Til hausten skal Fylkesmannen i Sør-Trøndelag gjennomføre utvida tilsyn ved familiesenteret Viktoria i Trondheim.

Tjue familiar har klaga

Både Trondheim kommune og senteret sjølv har bedt om tilsyn, etter kritikk frå fleire av brukarane.

Familiane som har klaga på senteret, meiner at dei aldri fekk den hjelpa dei var lova. Fleire av dei mista i staden omsorga for spedbarna sine, utan at dei forstår korfor.

– Fylkesmannen vil følge opp dette, og gjennomføre tilsyn til hausten, seier assisterande utdanningsdirektør hos fylkesmannen, Jostein Krutvik.

– Allereie tidleg i vår bestemte vi at vi skal gjennomføre eit tilsyn med Viktoria, senter for barn og foreldre. Tilsynet skal prøve å ta for seg dei områda det er klaga på, seier han.

Tjue familiar har klaga til ombodet i Trondheim kommune, og desse papira vil danne grunnlaget for tilsynet.


– Teamet som skal ha tilsynet, er sett saman av representantar frå fylkesmannen både i Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Møre og Romsdal, det blir altså eit tverrfagleg team, seier Krutvik.

Positiv til tilsyn

Karin Bele

Karin Bele, leiar ved familiesenteret Viktoria.

Foto: Peter Breivik / NRK

Leiaren ved familiesenteret Viktoria, Karin Bele, stiller seg positiv til at fylkesmannen vil ha tilsyn.

– Eg syns det er kjempeviktig at representantar frå fylkesmannen kjem på tilsyn, og dei er veldig velkomne. Vi tok sjølv kontakt i forkant og ønska eit tilsyn, for vi vil gjere ein best muleg jobb. Om det er noko vi kan utbetre, så vil vi gjerne gjere det, seier Bele.

– Om det blir avdekt svikt ved senteret, kan fylkesmannen krevje tiltak som sikrar forsvarleg drift, seier Jostein Krutvik.

– Fylkesmannen har ganske omfattande fullmakter når det gjeld å påpeike uforsvarleg drift, om det skulle vere konklusjonen, seier han.

Glade for at det blir tilsyn

Yvonne Bremseth

Yvonne Bremseth mista omsorga for barnet sitt etter opphald på Viktoriasenteret.

Foto: Grete Thobroe / NRK
Kim Bech

Kim Bech får treffe sonen sin i to timar annakvar veke.

Foto: Grete Thobroe / NRK

Mange av dei som trudde dei skulle få hjelp ved Viktoriasenteret, men i staden mista omsorga for ungen sin, er no glade for at det blir gjennomført tilsyn ved senteret.

Yvonne Bremseth mista omsorga fordi det var for dårleg kommunikasjon og augekontakt mellom henne og barnet. Kim Bech mista omsorga da sonen var 14 veker på grunn av mors psyke. Tina Charlotte Jünge fekk beskjed om at sonen var i ferd med å bli skeivutvikla da han var fem månader gammal.

Dei har alle opplevd at barnevernet akutt grip inn og tar omsorga for spedbarna deira etter nokre veker ved Viktoriasenteret. Dei forstår ikkje at barnevernet på dette grunnlaget kan ta omsorga frå dei.

Kritisk til måten senteret jobbar på

– Eg kjenner meg utsett for eit maktovergrep, og er kritisk til måten det blir jobba på ved senteret, seier Kim Bech.

Familiesenteret Viktoria bruker fleire metodar, mellom anna såkalla COS-rettleiing – Circle of security. Dette har vore ei satsing innan Bufetat, som eig og driv Viktoriasenteret, fortel leder Karin Bele.

– Målet er å styrke bandet mellom foreldre og barn, og leggje til rette for at foreldra lettare skal forstå barnet sitt og kva for behov barnet har.

Om terapeutane ved senteret etter nokre veker med rettleiing slår fast at barnet er skeivutvikla, skal det vere grunngitt.

– Skeivutvikling kan vere at barnet ikkje følgjer utviklinga som er forventa ut frå alder. Det kan vere kontaktvanskar eller motorisk forseinka utvikling, seier ho.

– Full tillit til senteret

Dei fleste som kjem til Viktoria-senteret er enten svært unge, har slite psykisk eller har ein partnar som er psykisk sjuk eller har rusproblem.

Regiondirektør i Bufetat Midt-Noreg, Jonny Berg, forstår at brukarane av senteret som mister omsorga for barna sine opplever dette som opprørande, men han har full tillit til at senteret gjer ein god jobb.

– Det er eit grundig arbeid som ligg til grunn for vedtak om at foreldre mister omsorga for barnet sitt. At barnevernet grip inn tidleg, kan vere bra slik at barnet ikkje veks opp under vanskelege forhold og blir så prega at det blir vanskeleg å sette inn tiltak seinare, seier Berg.

Ni månader med truslar

Kim Bech får møte sonen sin to timar annakvar veke, dottera til Yvonne Bremseth bor førebels hos besteforeldra, men Yvonne fryktar at jenta blir flytta til fosterheim langt unna.

Tina Charlotte Jünge fekk derimot full støtte i fylkesnemnda, det var ikkje nødvendig å ta guten frå henne.

Ho har likevel sendt alle rapportar til fylkesmannen i håp om at andre ikkje skal oppleve det ho har vore gjennom.


– Vi har vore gjennom ni månader med truslar om akuttvedtak frå barnevernstenesta. Men no har vi fått nytt barnevern inn i bildet, samarbeidet er godt, og alt ser lyst ut, seier ho.

Tina Charlotte Jünge

Tina Charlotte Jünge har hatt bestefaren sin, Åke Jünge, som støttespelar. Han har vore lærar i over 40 år, og er sjokkert over maktarrogansen dotterdottera er utsett for frå barnevernet.

Foto: Grete Thobroe / NRK