Hopp til innhold

Tilstod valdtekt av barn – tiltalt først to år etter

To gonger i løpet av eit år valdtok trondheimsmannen ein gut under 14 år i Nordland. Trass i at mannen tilstod då han vart avslørt, gjekk det to år før tiltale vart tatt ut.

Overgrepsbilder

Ein mann frå Trondheim tilstod i 2016 valdtekt av ein gut under 14 år, men har ikkje vorte tiltalt før nå. – Dette har sjølvsagt vore ei meirbelastning for guten og familien hans, seier bistandsadvokaten til den fornærma guten. Illustrasjonsbilde.

Foto: NRK

Mannen i slutten av 40-åra vart avslørt då naboen fekk ein overgrepsfilm på TV-en sin. Filmen kom opp fordi den no tiltalte mannen ved ein feil kopla mobiltelefonen sin opp mot TV-en i leilegheita ved sidan av.

Naboen varsla politiet og mannen tilstod valdtektene av ein gut som han er i slekt med.

På mobil og PC fann politiet fleire bilete og filmar som mannen til dels hadde produsert sjølv.

Treig etterforsking

Etter to veker i varetekt vart mannen sett fri. Familien til den fornærma guten rekna med at saka raskt ville kome til retten. Men slik gjekk det ikkje, trass tilståing og tekniske bevis. I tillegg hadde den fornærma guten forklart seg i tilrettelagt avhøyr om det han hadde opplevd.

Seinast i fjor gav Riksadvokaten ordre om at etterforskinga av seksuelle overgrep mot barn skal prioriterast høgt.

Etterforskningsleiar i Nordland politidistrikt, Bjørnar Johansen sa til NRK i vinter at det var svært beklageleg at denne saka har teke så lang tid. Han viste til at politiet måtte undersøke om det var snakk om også andre fornærma.

Då saka først vart sendt frå politiet til Statsadvokaten førre månad, gjekk det berre få dagar før tiltalen vart tatt ut.

– Ei stor meirbelastning

trondheimsmannen er no tiltalt etter paragraf 299 i Straffelova av 2005 for to tilfelle av seksuell omgang. Når det gjeld barn under 14 år betyr det valdtekt og kan straffast med inntil 10 års fengsel.

Han er også tiltalt for å ha produsert film og bilete av barn som har seksuell omgang med vaksne.

Karle Øvereng er bistandsadvokat for den fornærma guten. Øvereng viser til at innhaldet i tiltalen er veldig likt det tiltalte forklarte for to år sidan.

– Tiltalen skulle ha vore tatt ut for lenge sidan. Dette har sjølvsagt vore ei meirbelastning for guten og familien hans, seier Øvereng, som tidlegare har jobba som politiadvokat.

Bistandsadvokaten er derimot tilfreds med at den lokale tingretten der saka skal gå, var veldig raske med å fastsetje den, når tiltalen først kom.

Var mykje i kontakt med barn

Før tiltalte vart pågripen i april 2016, var han engasjert i ein frivillig hjelpeorganisasjon som innebar mykje kontakt med barn. Etter det NRK har kjennskap til, har den overgrepssikta i Trondheim halde fram med å delta på ulike aktivitetar der barn ofte er til stades.

Mannen har fått ny forsvarer. Vedkomande vil ikkje uttale seg til NRK førebels.