Hopp til innhold

Tilsett ved helsetun koronasmitta

Ein tilsett ved Hommelvik helsetun i Malvik har testa positivt på koronaviruset. Det opplyser Malvik kommune i ei pressemelding. Alle bebuarar er fullvaksinerte, og helsepersonellet på helsetunet er også vaksinerte. To tilsette, som ikkje er fullvaksinerte, er tekne ut av jobb fram til dei har negativ koronatest.